Banestart på onsdag
#
Entrepenør Gustav Frantzen signerte kontrakta om opparbeiinga av Bergsøy KGB. Jon Rune Våge og Tore Langevatn signerte på vegne av prosjektleiinga i Herøy kommune.

Kontrakta som gir Frantzen Maskinstasjon A/S oppdraget med masseflyttinga, utfyllinga og planeringa av området for den planlagte kunstgrasbana er no signert.

Oppdraget er ikkje mellom dei største Frantzen har hatt, men det er klart mellom dei mest spennande og kompliserte oppgåvene entrepenøren har stått ovanfor til no. Arbeidet med grunnarbeidet vil trulig kome igang allereie onsdag 1.mars. Då reknar han med å ha ei 5-6 mann i sving. Kontrakten har ein verdi på omlag 5 millionar før meirverdiavgift, og etter avtalen skal fyllings- og planeringsarbeidet vere ferdig innan seks månader frå oppstart - det vil seie innan 1.september. Bergsøy kunstgrasbane er ferdig rekna til å koste omlag 11,2 millionar kroner, medrekna meirverdiavgift.

Det var først og fremst prisen som vann kontrakta for Frantzen Maskinstasjon, med et anbud som låg 2 millionar under konkurrenten. Sjølve legginga av kunstgraset er det andre som skal ta seg av, og denne delen av prosjektet er det så langt ikkje lagt ut til anbud. Å jobbe i myr byd på heilt spesielle utfordringar. Kombinert med dei strenge krava til ei moderne kunstgrasbane så gir det Frantzen nok å bryne seg på i månadane som kjem. Ikkje minst vert det spennande å sjå korleis massen som vert fylt i oppfører seg i høve til den kringsliggande myrmassen. Først når settinga har kome nder 2 cm i veka kan entrepenørane seie seg ferdig med arbeidet. I løpet av arbeidet er det rekna å bruke både GPS og laser for å kome innanfor krava til helling og kurving.

Til saman skal entrepenørane flytte på omlag 35.000 kubikkmeter masse, der halva er stein som skal fyllast i frå det som vert den nye parkeringsplassen til myrmolda som skal deponerast i eit nytt deponi i området. Går arbeidet slik ein håpar så ser ikkje Jon Rune Våge vekk ifrå at bana kan være klar i løpet av året.


Info

Andreas Sævik som stifta Bergsøy, var nord-norgesmester i boksing i si klasse i fleire år.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::