Eirik Heltne og Fredrik Muren tilbake
#
Heltne har signert for Bergsøy.

– Vi er veldig glade for å få tilbake Eirik Heltne.

Han er ein spelar som held eit veldig høgt nivå og er ekstremt seriøs. Vi får attende ein kar som styrker oss enormt. Eirik er ein kreativ midtbanespelar som er utruleg fotballklok, har løpskraft, er pasningssterk med begge bein, og har ein sterk dødballfot. I tillegg er han ein fantastisk person både på og utanfor bana, skryt Bergsøy-trenar, Toni Sandanger.

Eirik har spelt for Bergsøy også i 2017, men flytta til Oslo for å studere sommaren 2017. Sidan då har Eirik spelt for fotballklubben Ullern IF. Eirik har også ei fortid i Hødd.

– Dette er ei herleg signering som vil bidra godt for Bergsøy i 2018.

Fredrik Muren er også tilbake

Ein annan som er tilbake i Bergsøy er Fredrik Muren. Han har signert ei 3-års kontrakt med klubben.

– Klubben er utruleg nøgd med å få tilbake lokale spelarar som styrker a-laget. Fredrik har ein arbeidskapasitet på høgt nivå. Han har spelt i forsvar stort sett heile karrieren, seier Sandanger. 


Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::