Litauarar til Bergsøy
#
Bergsøy forsterker med spelarar frå utlandet.

Den litauiske duoen er allereie på plass i Norge.

– Sponsoren vår Marine Harvest hentar arbeidskraft frå Litauen. I staden for at dei skal hente «vanlege» arbeidstakarar, har vi ein avtale som gjer at dei kan hente folk som spelar for oss. Det kostar oss ingenting, fortel Bergsøy-trenar Lars Petter Rønnestad.

Men sjølv om det er Marine Harvest som hentar litauarane til Norge, har Bergsøy ein stor finger med i spelet på kven dette skal vere.

– Vi har ein agent i Litauen som jobbar for oss. Etter opprykket i år gav vi beskjed om at vi ønska ein stoppar og ein midtbanespelar. No har han valt ut desse to for oss, seier Rønnestad, og legg til at agenten er ein Bergsøy har stor tiltru til.

Av dei to er det Andrius Petreikis som er midtbanespelaren. 27-åringen kjem frå Atlantas Klaipeida, som vart tvangsflytta til nivå to før årets sesong grunna dårleg økonomi. Men dei ni førre åra har Petreikis spelt på toppnivå i Litauen. Det har resultert i ei rekkje aldersbestemte landskampar, i tillegg til tre A-landskampar. Den siste mot Island i VM-kvalifiseringa i 2006. – Det verkar som ein klok fotballspelar med gode basisferdigheiter, fortel Rønnestad.

Den andre litauaren er 29 år gamle Kestutis Deveika. Han kjem frå toppserieklubben Tauras Taurage. Også han skal ha erfaring frå spel i Europa.

– Begge har imponert på trening. Midstopparen er ein veldig spelande type, seier Lars Petter Rønnestad.

Han kan også juble for ei tredje signering. Andreas Kurseth har meldt overgang frå Hareid.

– Andreas har signert ei treårskontrakt. Håpet vårt er at han skal kome tilbake på det nivået som han var på for tre-fire år sidan, seier Rønnestad om den tidlegare Hødd-spelaren.

Sjølv om Bergsøy no går ut og hentar eksterne spelarar, garanterer Rønnestad at ein ikkje skal forsøme eigne talent.

– For oss er det viktig å bevare den lokale profilen vår. Det er ingen tvil om at Bergsøy skal ha spelarar frå Herøy. Men dei siste åra har vi dessverre ikkje vore gode nok på å utvikle spelarar. Dermed er det ikkje mange nok av dei som kjem opp som er gode nok til å spele i 3. divisjon, seier Rønnestad.

– Men vi skal jobbe knallhardt med aldersbestemt fotball i åra som kjem. Det er der vi skal ha fokuset vårt, seier han. Målet er difor å lage eit godt fundament med A-laget i åra som kjem. Bergsøy har tidlegare ikkje lagt skjul på at ein ønskjer å bli eit av Sunnmøres tre beste fotballag på sikt.

Men førebels er ikkje håpet for neste år meir enn å stå i divisjonen.

– For oss som nyopprykka lag er det eit naturleg mål, påpeiker Lars Petter Rønnestad. I tillegg til dei tre som er signerte, jobbar ein med å forsterke laget ytterlegare. Vi har skrive til nokre lokale klubbar, det har vi. Men vi skal ikkje ha inn for mange heller. Målet vårt er først og fremst å utvikle eigne talent, seier Rønnestad. 


Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::