Tornadospelar utvist for bruk av giftering
#
Bergsøy mot Tornado enda 3-3.

Utvist for giftering Fekk ikkje av seg giftering — det kosta truleg Tornado Måløy sigeren i kampen mot Bergsøy i helga.

Gifteringen på høgrehanda til Tornado-spelar Birger Silden fekk uventa konsekvensar i 3.divisjons-oppgjeret, som enda 3-3. Midtstopparen fekk først gult kort for å ha ropa «Jesus» då laget hans ikkje fekk corner. Seinare i kampen klaga kapteinen på Bergsøy på at han hadde på seg giftering. Det enda med at dommaren gav han det andre gule kortet og viste han av bana, skriv Fjordenes Tidende.

— Verden e galen. Det er synd å ryke på grunn av ein uskuldig, liten giftering, seier ein oppgitt Silden til avisa.

Dommar Tor Ove Myrseth frå Sykkylven bekreftar at han fekk gult kort for å bruke ring, og peikar på regelverket.

Sjølv har Birger Silden ei enkel forklaring på ring-bruken under kamp:

— Eg har ring på begge hendene. Den eine, som er frå Sjøkrigsskulen, får eg av meg. Og den tok eg også av før kampen. Men gifteringen får eg ikkje av meg. Den har eg spelt med i alle år og det har aldri vore noko problem. 



1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat