Bergsøy har ein av verdas høgaste
#
208 cm høge Joao Ricardo Costa Martins Ribeiro frå Portugal er Bergsøys nye keeper. Det er ikkje mange fotballspelarar i verda som matchar den høgda..

– Då eg såg kor høg han var, blei eg ganske sjokkert. Det er liten tvil om at han har ein stor nærvær på bana, seier trenar Hugo Vicente til Sunnmørsposten og flirer.

Det ser no ut som at Bergsøy har ein av dei høgaste keeperane i verda på laget sitt. Fleire nettsider skriv at den høgaste keeperen som spelar profesjonell fotball no, er belgiaren Kristof Van Hout. Han er også 208 cm høg og spelar for den indiske klubben Delhi Dynamos FC.

– Vi har ikkje henta han til klubben fordi han er høg. Sidan vi har problem kvart år med å finne en keeper, har vi valt å investere litt ekstra for å få en god keeper og ein god keepertrenar, seier Vicente til Sunnmørsposten.

Bergsøy-trenaren understrekar at grunnen til at de valde å hente Ribeiro, er at han har ein solid keepertrenerutdannelse.

– Han skal ha keepertrening kvar dag med spelarar frå lag i barne – og ungdomsfotballen. Utdanninga han har er på eit høgt nivå og vi har fått veldig mange gode tilbakemeldingar på han, seier trenaren.

Før keeperen kom til Fosnavåg, har han jobba som keepertrenar i to sesongar for toppserieklubben Belenenses. Der var han også trenar i barne – og ungdomsfotballen.

Kunne henta betre keeper – Vi hadde moglegheit til å hente ein keeper frå eit høgare nivå, men han hadde ikkje utdanninga vi trengde. Det er ikkje berre slik at vi hentar dei beste vi kan til A-laget, slik mange trur. Men vi ønskjer å utvikle heile klubben med ei sik signering.

– Det formelle rundt overgongen er framleis ikkje heilt på plass, men det går nok ikkje så lang tid før han er heilt klar, seier dagleg leiar Tom Beddari i Bergsøy. 


Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::