Akebrett på fjellet
#
Den skumle ekstremsporten

Det er ikkje måte på kor store mengder med snøv som dalar ned ifrå himmelen, og speleforholda med fotballen er ikkje heilt det store. Kjøreforholda med bil er heller ikkje dei beste, og etter å sjølv ha sperra brua med å legge bilen på tvers av kjøreretninga igår - og også skudd bilar ut frå grøfta idag - så var det på tide å vurdere andre framkomstmiddel.

Skiltet som forbyr andre bilar enn televerkets egne blei oversett i jakta på nye eventyr. Turen gjekk heilt opp til Teigetua med akebrett på slep, men skuffelsen blei stor. Det var for mykje snøv. Berre en plass var bratt nok, men også der måtte det mykje preparering til for å kunne lage superløypa. Det har vore nokre år med akebrettet nedestøva, men no måtte gamle kunstar komme raskt tilbake om en skulle kome ned frå fjellet i god form. Vi ser ikkje vekk ifrå at andre fjell kan bli utforska for akeforhold om været fortsett slik.

Film frå ferden: (Link sjølvsagt også på plass på vår multimediaside)

Videofilm: Aking på Nerlandsøyfjellet (6,30 MB) |








Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::