Fin tur til Selje
#
Med to flotte sigrar

Bergsøy A-lag og Juniorlag overnatta på hotell i Selje frå laurdag 25.mars til søndag den 26.mars, og kvart lag spelte en kamp.

Laurdagen var det A-laget som skulle få prøve seg mot Selje sitt nyopprykka (3.divisjon) A-lag, og Bergsøy var heiltende på å få seg en siger igjen. Den første omgangen var nesten feilfri frå BIL si side, med unntak av nokre farlige halvsjansar imot dei første 10 minutta. Bergsøy var svært aggressive, og vann ballen til stadighet høgt oppe på bana. Etter først å ha hatt uflaks med dei første avsluttningane sine i kampen, så endte Preben Hestad opp med å scåre heile fire mål før pause! Bergsøy dabba av etter sidebyttet, og hadde ikkje den samme konsentrasjonen og vilja til å fortsette hardkjøret, og mot slutten av omgangen så kom heimelaget tilbake på to frispark. Bergsøy vann fullt fortjent 4-2.

Søndagen var det juniorlaget sin tur til å få prøve seg på Selje sitt 6.divisjonslag, og juniorane viste frå start av at dette var en kamp dei skulle vinne. Det hadde ikkje gått lenge da Joachim hadde putta inn 1-0. Seinare i omgangen lobba Andre Lima fint inn 2-0, og før kampen var slutt så hadde Andre Lima putta ett ytterligare mål mens Jørn Kvalsvik også fekk seg to treffarar i en 5-0 seier.

Baneforholda og buforholda i Selje kan en ikkje klage på, og sportslig var det også en svært så fin tur for Bergsøy. Mykje positivt å ta med seg vidare.

Kampreferat:

Selje - Bergsøy 2-4 (0-4) |








Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::