Vi blir tippa rett ned
#
Hareid si heimeside har ikkje særlig tru på Bergsøy iår

Det er alltid like gøy å sjå kva andre lag tippar er våre styrker og svakheter, og ikkje minst er det spennande å sjå kvar dei tippar vi endar på tabellen. Einar Orten Trovåg har gjort en flott og grundig jobb med å analysere Bergsøy sitt A-lag, men om han vil få rett med sine konklusjonar det er vi mindre sikre på.

Istadenfor å kommentere på ting Einar Orten har kome med så klipp vi saken inn her så andre kan gjære opp sine meiningar. For all del, det kan jo hende at Einar Orten har rett i alt han skriv? Vil du gå til Hareid si heimeside for å lese saka så kan du Trykke her.

Teksta i si heilhet:

Norborg si heimeside er allereie godt i gong med å vurdere årets 4. divisjon på Sunnmøre. I dag begynner Hareid IL Fotball si heimeside, men vi vil ta for oss årets 3. divisjon. Vi begynner med laget som vi trur tar jumboplassen. Laget sleit langt nede på tabellen i fjor, og redda ikkje plassen før i siste serierunde. Framfor årets sesong har dei gått gjennom eit generasjonsskifte, og laget set sin lit til nokre sjøfolk som skal kome heim for å redde laget.

Vurdering av 3. divisjon 2006:

1. ??????????
---------------
2. ??????????
3. ??????????
4. ??????????
5. ??????????
6. ??????????
7. ??????????
8. ??????????
9. ??????????
10. ?????????
11. ?????????
12. Bergsøy

10. mars vart a-lagsstallen til Bergsøy offentleggjort. Den bestod av 23 mann, og heile 13 av dei held junioralder. Berre to av dei 13 er siste års juniorar. Bergsøy har eit godt juniorlag. Sjølv om det vart tap for Hareid i Sunnmørshallen i vinter, vann Bergsøy sine beste under 19 år pulja. Men skal det halde i 3. divisjon? Situasjonen minner om Hareid anno 2003. Du var ein sjeldan blome på laget dersom du ikkje heldt junioralder. Etter fem strake tap fekk Hareid flyten, og spelte fem kampar på rad utan tap. Det vart ikkje nedrykk på Hareid den gongen, men det at så mange unge slapp til bar frukter. Ser du lagbiletet frå 2003-sesongen, er spelarane så og seie dei same som i år. Og i år vil nok ikkje Hareid vere nøgde med å berre unngå nedrykk. Men over til Bergsøy igjen. Skal det bli ståplass i år, må dei få flyten. Då kan dei forsåvidt slå kven som helst og få ei god plassering. Men skal det vere mogeleg å få flyten med det laget Bergsøy har per dags dato? Grunnen til at vi set opp fosnavågarane på jumboplassen, er at vi tvilar. For all del: Skulle gjerne sett at Bergsøy stod i divisjonen. Dei bør absolutt ha eit seniorlag på dette nivået, men når eit slikt tabellforslag skal settast opp gjeld det å vere realistisk.

Det er så mange meiningar om korleis ein bør tolke treningskampresultat. Kor mykje har desse kampane, som ikkje står om poeng, å seie? Bergsøy spelte uavgjort 3-3 mot Hareid på Høddvoll KGB. Det som fyrst og fremst slår meg når eg tenker på den kampen, er at Hareid underpresterte, men at Bergsøy sitt multiunge mannskap stod bra på. På Herdbana har Bergsøy tapt heile 4-0 mot 4. divisjonslaget Stranda, og tapt 2-0 mot nyopprykka Rollon. Dei har også tapt 5-2 mot Skavøypoll. Bergsøy har derimot slått det nybakte 3. divisjonslaget i Sogn og Fjordane Selje 4-2, og 4. divisjonslaget Åram/VanKam 5-3, sjølv om den sistnemnte sigeren skal ha vore knepen. Summerer vi opp dette, blir vi vel ikkje veldig imponerte. Kor nivået i Sogn og Fjordane er, veit underteikna for lite om, men det å tape klart mot lag som Stranda, og det å slå Åram/VanKam 5-3, er ikkje imponerande, same kor tung grusen var i Vannylven forrige fredag.

Preben Hestad, som er inne i sin andre sesong på Bergsøy etter overgangen frå Tjørvåg, er laget sin goalgettar. Han var Bergsøy sin toppscorar i fjor, og har i vinter til dømes scora to mål mot Hareid og fire (!) mot Selje. Skulle Hestad bli skada, kan Bergsøy fort få problem med å score nok mål. På topp vil nok Hestad få med seg Daniel Hatløy eller bergsoy.com sin webmaster Steffen Kvalsund. Begge har sine styrkar, men dei overraskar stort dersom dei toppar Sunnmørsposten sin stjernestatistikk i år. På sidene kan fort Steffen Moltu og Kjell Alfred Otterlei hamne. Begge er fyrsteårs seniorar. Moltu var midstoppar for Bergsøy i fjor, medan Otterlei så og seie er ubeskriven på nivået. Sentralt finn vi truleg Kjetil Paulsen og Jonny Leikanger. Leikanger kom til klubben framfor denne sesongen. Av ein eller annan grunn har han spelt i 6. divisjon for Gjerdsvika dei siste sesongane. Forstå det dei som kan. Mot Hareid viste Leikanger at han er ein meget god spelar, som på ingen måte står tilbake for nivået. Kjetil Paulsen (f. 1988) er Bergsøy sin unge wonderboy. I fjor spelte han stort sett back, men i år går det altså mot ei "oppgradering". Dersom ikkje Anhvar Dulic eller Arve Leine kjem tilbake, kan Bergsøy kome til å stille med utelukkande juniorspelarar i forsvaret fyrste seriekamp. I det siste har dei brukt Magne Havnen (f. 88) og Terje Teige (f. 89) spelt midtstopparar. Egzon Abazi (f. 87) vil nok kome til å figurere på ein back, medan Gustav Pettersen eller kanskje Kjetil Paulsen sin bror Øyvind vil ta den andre? I mål står anten Tony Sandanger eller Arve Kvalsvik. Sandanger plukka ein del poeng på Sunnmørsposten sin børs i fjor, slik keeperar for lag i nedrykkssjiktet har ein tendens til, sjølv om han kom rett frå spel i 6. divisjon. Kvalsvik (f. 88) er eit stort talent som Hødd har snusa på. På benken blir det nok ein del juniorar. Andre Lima (f. 88) har faktisk kome inn og scora eit par mål i vinter, medan Jørn Kvalsvik (f. 88), Thomas Voldsund, Bjørnar Gundersen (f. 88) og Fillip Juan Thorset (f. 87) kan vere andre aktuelle namn.

Egzon Abazi, Bergsøy sin nyerverving frå Hødd (junior elite), trur Bergsøy tar plassen rett over streken. - Skal det gå må blandinga mellom unge og rutinerte spelarar på laget fungere bra. Og vi må trene hardt, sjølvsagt. Innstilinga må også vere god. Det hjelp ikkje å møte opp på ei trening no og då, og likevel få spele kampane.

Kan dette halde? Det vil nok kome ein del folk å sjå Bergsøy i år også. Bergsøy er som tidlegare nemnt ein fin klubb som ideelt sett bør vere i 3. divisjon. Men sånn det ser ut no kan vi vel heller ikkje tru at Marvin Kopperstad, Franz og Rune Frantzen og co vil kome heim og skyte laget til sikker plass. Vi tippar Bergsøy på sisteplass, så får de heller gjere tipset til skamme. Lykke til i år, Bergsøy!!!!!

Einar Orten Trovåg








Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::