Grasbana kan bli klar
#
Grasbana er i imponerande form

Banemann Arvid Kvalsund har ilag med sonen Arild dei to siste dagane hatt en god del timar innsats på grasbana for å få den i god stand, og resultatet virkar å bli så bra at kun dårlig vær kan hindre ei serieopning på gras den 21.april mot Spjelkavik.

Det er ganske unikt, og dei siste åra Bergsøy har hatt heimekamp i serieopninga så har denne alltid blitt spelt i Huldalen. Et lastebil-lass med mold har blitt plassert utover, og bana er i øyeblikket tørr og fin i motsetning til det vi høyrde mange Tippeligabaner (og 1.div) var då dei hadde seriestart i helga.


(Bildet: Ikkje mykje igjen av isbreen i denne omgang.)


I tillegg til arbeidet med grasbana så skal det være dugnad i Huldalen komande laurdag kl 10.00. Det er kanskje synd at det er nettopp på Påskeafta at en slik dugnad skulle bli arrangert, men det er på grunn av at dette er dagen då utstyr (traktor) var tilgjengelig. Som mange har merka så blei det også iår mindre grus på bana etter snøbrøyting, og en del av denne grusen bør bli frakta tilbake. Bergsøy Fotball oppfordrar dermed spelarar (A, B, JR) til å ta seg ei runde for å hjelpe til med arbeidet, og ta på arbeidshanskane og legg arbeidsverktøy i bagasjerommet. Ei hakke, rake eller skufl kan være forslag.

Bergsoy.com har ikkje vore oppdatert på bortimot ei uke, men idag har vi i det minste fått på plass litt. To nye bilder frå kunstgrasområdet finner du på Kunstgrasets-side. Arbeidet går sakte men sikkert i myra, og også på oppsida av kulturhuset der den nye parkeringsplassen skal kome er det frammgang. Sprengt stein frå oppsida skal som nemt tidligare bli ført ned i myra seinare. Mykje vatn i myra vil sikkert føre til litt problemer med arbeidet, ettersom vi ser at holene som blir gravd raskt blir fyllte med vatn, men dette har dei sikkert god kontroll på skulle en tru.

Vår kjendistreff-side er no komplett slik den var før designskiftet, og inneheld no mange imponerande bilder. Vår største stolthet før designskifte var derimot historikken, og denne vil kome på plass litt etter litt. Trykker du deg inn på vår Historikk-side så vil du sjå at årstalla 2005 og 2006 er lagt til. Her vil du finne kampreferat frå 2005 samt kampreferata frå treningskampane iår. Tidligare årstall vil bli lagt inn fortløpande når dei er klare.

Det nærmar seg seriestarten, men det er forventa at Bergsøy vil ha en treningskamp til før neste fredag. Ifølge Sunnmørsposten så skal BIL spele mot Hødd2 på Høddvoll kunstgrasbane neste tirsdag. Elles må vi legge til at dagens Vestlandsnytt hadde mange faktafeil i sitt kampreferat frå Tornadokampen. Steffen Moltu scåra 1-0 og 2-1 målet, ikkje 1-0 og 2-0. Og sjølvsagt: Steffen Kvalsund dribla ikkje forbi keeper for så å sette ballen uinspirert på utsidan av stolpen, men skøt faktisk i stolpen og ut frå 16-20 meter. Kampreferat kan forøvrig finnast frå vår historikkside, eller i høgremargen frå hovedsida.






Info

Pravda var namnet på Olaf Brathaug sine detaljerte A-lags kampreferat som spelarane alltid gledde seg til å lese.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::