Grabba fyrste torva
#
Ordførar Arnulf Goksøyr demonstrerte god gravmaskinteknikk da han braut laus fyrste torva på det kombinerte parkerings- og kunstgrasprosjektet ved Herøy kulturhus..

Den første dagen der en kan sjå fysisk framgong med kunstgrasarbeidet.

På stivfrossen mark nytta det ikkje med spade då oppstarten av kunstgrasbana skulle markerast onsdag. Men gravmaskina gjorde jobben, og med ordføraren ved spakane så vart den første torva broten laus. Det er femti tusen kubikkmeter med fast fjell som Frantzen Maskinstasjon skal sprenge vekk der kulturhuset skal få ny parkeringsplass. Omlag halvparten av dette må nyttast til å fylle opp myra nedanfor Bergsøy Stadion der kunstgrasbana skal ligge.

Herøy kommune står ikkje berre som utbyggar, men skal også eige anlegget der Bergsøy Idrettslag er ein viktig økonomisk medspelar. Kunstgrasbana vil gi fotballen i Herøy eit kraftig løft, og Bjørn Otterlei i Bergsøy Fotball understrekar at også andre enn Bergsøy sine egne aktive skal få sleppe til.

-"Her får vi gode treningsforhold året runt. Den ledige kapasiteten skal andre få nyte godt av", seier Otterlei. Han gler seg til å kunnetilby dei aldersbestemte fotballklassene skikkelige treningsforhold. Entrepenørane reknar med å være ferdige med planeringsarbeidet om et halvt års tid frå no. Deretter må massene få tid til å sette seg før kunstgrasdekket kan leggast. Kommunen og idrettslaget må no ei runde til næringslivet for å be om hjelp ti lå dekkje det som manglar på at prosjektet til vel 11 millionar vert finansiert.


Info

5.juni 1951 var Heid fotballbane godkjent for seriespel



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::