Ormane forsvunne frå bana..
#
..og fuglane skit som dei gjorde før.

Tidligare har vi nemt at grasbana ser bra ut, men det er ikkje berre været som avogtil motarbeidar grasbana sin fine framgang. På bana var det nemlig utplassert 10 ormar som skulle skreme bort fuglane frå å kose seg i området. Alle desse ormane har tydeligvis blitt bortførde av uvedkomande. Bildet ovanfor tok vi et par dagar tilbake, og denne ormen er en av dei 10 som er "missing in action".

En annen teori er sjølvsagt at ormane har kome seg laus sjølve, for så å utforske omverda. Vi har liten tru på den teorien. Med ormane borte så kjem fuglelorten også tilbake. Gåsa er nok lykkelig for at ormane er borte, mens fotballspelarane nok ikkje blir like glade for det gåsa legg igjen på marka. I tillegg virkar det ut som at nokon har trent på grasbana, og også dette er i strid med slik det skal være når bana er stengd. Fenomenet er ikkje ukjent, det ser ut til å skje kvart år, men det er like irriterande kvar gong for banemesteren som ønsker å få bana i orden.

Imorgon er det kamp i Huladalen kl 1830, og mykje og god info om dette finner du på A-lagets side. Grusbana er i toppform til kampen imorgon, og værmeldingane tyder også på at vi får en fin dag. Vi lovde tidligare idag å legge inn fleire bilder frå kunstgrasarbeidet, så her kjem ett:



To ytterligare bilder + en kort videofilm finn du under "Framgongen med kunstgrasarbeidet - Dag 51" på Kunstgrasets-side.









Info

Det mest benytta laget i Bergsøys første sesong 1952 var Finn Voldnes, Nils V Pettersen, Leif Pettersen, Sigmund Paulsen, John Ertesvåg, Peder P Worren, Petter J Petteresn, Erik Løfoll, Knut Nilsen, Ola Goksøyr og Sverre Botn.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::