Grasbana skal bli bra
#
Og det skal også kunstgrasbana bli..

Enklelte har kanskje vore frustrerte dei siste dagane. Det skjer ganske raskt at ønsket om å få kome inn på grasbana kjem sigande så snart sola snik seg fram imellom skyene.

Verre blei det nok at A-laget trente både sist laurdag og mandag, for då var det straks fleire som krevde samme behandling. Fakta var derimot at A-laget ikkje hadde lov til å trene på gras nokon av gangane, og banemeister Arvid Kvalsund blei frustrert da han kom tilbake frå si langhelg i Stryn.



Grunnen til at grasbana skal få kvile er sjølvsagt at den må bli sterk nok til å tåle å bli tråkka på. Det er enkelte felt på bana der graset prøvar å spire så godt det kan, og som treng nokre dagar på seg. Bildet ovanfor viser Arvid Kvalsund som gjer seg klar til gjødsling av bana, og han er klar på at bana skal bli i god stand frå neste uke av. Då vil bana ha fått tid på seg til å gro seg fin.

"Grunnen til at bana er seinare klar iår er blant anna at våren er 14 dager seinare iforhold til ifjor, men hovedgrunnen er likevel at bana måtte oppattsåast. Bana blei greven opp, men dei øvste torvene blei ikkje tatt vare på slik det var planlagt - og dermed er en no litt etter skjema". (Arvid Kvalsund)



Vi har tidligare rapportert om kidnappinga av ormar frå Bergsøy Stadion, og også dette er noko som gjer at bana pr idag ikkje ser heilt ut som den burde. -"Jeg har aldri sett så mykje drit her før", uttalte Arvid tidligare idag. Det spørs om ikkje det må bli arrangert litt plukking av fugledrit slik det har vore nokre gongar tidligare. Dei få ormane som er igjen på bana jobbar livet av seg for å skremme fuglane, men ser ut til å må gi tapt for overmakta. Og om ikkje fuglane prøver å skade bana så er det bilistar. Bildet ovanfor viser porten inn til bana som tydelig har blitt smadra av en bil. Dei som har lest siste utgave av Vestlandsytt kan der lese at politiet har sine mistenkte bak denne handlinga. En slik port skal visstnok være verdt nokre tusen kroner. En annan port er snudd opp ned, og dette har nok skjedd lengre tilbake i tid.



Kunstgrasarbeidet fortsetter.

Bildet ovanfor viser Bjørn Otterlei stå å studere dagens arbeid i "myra". Det går sakte men sikkert frammover. Myrvatnet har stege i takt med steinane som har blitt fylte ned i myra, noko som tydeligvis også gjorde at det var en viss kloakkstank i området, men dette vatnet er venta å sekke nedover snart. Sjølve åpninga av den ferdige kunstgrasbana er tidfesta å være den 5.september, så innen den tid så vil nok området sjå ganske forandra ut. Endel skal likevel skje før den tid, og 19.mai er såvidt vi veit en fastsatt dato der en skal velge seg ut dei beste kandidatane når det gjelder dei som skal legge kunstgrasdekket. Deretter går sjølvsagt arbeidet med å finne den aller beste kandidaten blant desse. Anbud blei sendt ut 2.mai. Ettersom overnemnte datoar er tatt ut frå hukommelsen så kan en ta dei med en liten klype hornsalt. Det er håpa at bergsoy.com får tak i en fin framdriftsplan (om det er mulig) som kan gjære dei uopplyste meir opplyste.



Bildet ovanfor er også frå kunstgrasmyra idag. Tilslutt må en berre minne om at det er i Huldalen det skjer når Bergsøy på fredag skal møte Skarbøvik. Bergsøy har en ganske høg odds på nordicbet, og Skarbøvik må finne seg i å være favorittar etter å kome ganske godt ut iår. SIF har faktisk null baklengs hittil. Av andre nyheter er det ganske sikkert at Geir Sandnes er å finne i Sparta-troppa mot Ålesund til helga, dog mest sannsynlig er han å finne på benken i sitt comeback etter en operasjon. Bergsøy har som kjent endel tidligare spelarar ute på vift i klubbar i dei høgre divisjonane, og vi må jo prøve å fylge med så godt vi kan.











★ Kampreferat med bilde
☆ Kampreferat uten bilde


Kampreferat
2010


2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

1999

1996

1995

1994

1993




11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.




:: HISTORIKK.com ::