Kunstgrasbana klar neste haust?
#
Bergsøy si komande kunstgrasbane kan verte speleklar til hausten 2006..

Håpar på å snart få kome igong med arbeidet

-"Vi er ikkje heilt imål, men vi får ta en ny drive no i tida august, september. Vi har fått en fantastisk respons frå næringslivet, og dette gjer det enklare å gå enda et steg vidare mot å ferdiggjere kunstgrasbana. Vi har fortsatt litt å arbeide med før vi er imål." Fortel Bjørn Otterlei.

Otterlei er Bergsøy IL sin representant i høve utbygginga av den nye heilårsbana som vert bygd ved sidan av Bergsøy Stadion. Både Sparebanken Møre og Nordea lokalt har ytt 250.000 kroner kvar. I tillegg er lokale reiarar og andre svært villige til å yte i samband med prosjektet.

Om vel et år, kanskje til starten av skuleåret 2006, kan fotballspelarar i alle aldrar nytte seg av ei fotballbane på 100x64 meter. Storleiken på kunstgrasbana blir 115x72meter. Da vil det bli mulig å spele 3 sjuerkampar samtidig om en måtte ønske det. Konsulent Svein Aune har iallfall trua på dette. Aune var rådgivar i utbygginga av Color Line Stadion i Ålesund, og er også med i teamet rundt skapinga av Bergsøy sitt praktanlegg. Aune meinar anbodsgrunnlaget for grunnarbeidet kan ligge klart i løpet av uke 30. Han meinar også at Bergsøy og kommunen må vente til vinteren/våren 2006 før dei sender ut anbod for kunstgrasdekket.

-"Når vi går for denne løysinga med å vente i vag av kunstgras så er det fordi vi ønsker å satse på det beste graset tilgjengelig. Grasteknologien vert kanskje enda bedre innen 2006," trur Otterlei.

Bergsøy si kunstgrasbane vil trulig ikkje få gummipad som lag underst. Det vert satsa på et lag med sand, så gras, og på toppen kjem et lag med gumigranulat.

Eigenkapital viktig

Bergsøy må sjølvsagt ut med ein eigenkapital. Gert Kvalsvik, Fred Frantzen, Sigurd Teige og Per Worren er i økonominemnda for kunstgrasutbygginga. Dei skal syte for at eigenkapitalen er på plass. Gert Kvalsvik som er leiar i nemnda fortel at rundt 1 million er samla inn, men at ei ny runde er venta å starte snart.

I tillegg er det ei teknisk nemnd av medspelarar i Sindre Thorseth, Helge Kvalsvik og Leif Jon Hansen. Leif Jon fortel til Vestlandsnytt at han ser fram til å gi spelarane i alle aldrer et tilbud til god bane også vinterstid. Hansen opplyser at det er godt nytt for både Bergsøy og kommuna at kostnadane til entrepenørar blir så billig som mulig. Stein skal bringast den korte distansen frå den nye parkeringsplassen som kjem mellom Herøy Vidaregåande skule og Kulturhuset, og fram til bana. Omlag halve bana skal fyllast opp med stein før dei neste stega vert gjennomført.

Svein Aune er konsulenten som skal gi ekspertise til Bergsøy IL og Herøy Kommune. Trønderen som er busett i Bodø har i tillegg til Color Line også vore rådgivar til sju andre Tippeligabaner. Totalt har han stått bak meir enn 100 kunstgrasbaner. Han seier at Ålesund har idag det beste kunstgraset, men at utviklinga skjer fort. Bergsøy skal nok få så god grastype som det er mulig. Aune seier Bergsøy si bane skill seg ut ifrå andre prosjekt iogmed den skal ligge i ei myr, men han ser det ikkje på som et problem. Moderne apperat for setningsmålarar og anna teknologi skal gjere sitt for at prosjektet blir en suksess. HAn seier også at kunstgras ofte kan ha 6 ukers leveringstid, og om bana skal stå klar til neste August så må det bestemmast for grastype innen 1.juni.


Info

I 1951 hadde Bergsøy lysegrønn trøye med kvite mansjetter og blå bukse. Reservedrakt var blå bukse med kvit trøye.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::