Hjerteinfarkt i Huldalen
#
Einar Pettersen falt om på B-lagstreninga torsdag.

OldBoys sin humørfylte keeper falt om underveis i kveldstreninga i Huldalen torsdag. Forskrekka såg medspelarane og kameratane at han falt i bakken med hjerteinfarkt etter å ha tatt et utkast, og heldigvis var det tilstades dei som er opplærte og kan hjertekompresjon etter boka. Einar Pettersen er no innlagt ved sjukehuset i Trondheim, og vi veit pr kl 2102 ikkje tilstanden.

OldBoys-keeper Einar Pettersen sto imål under den kombinerte B-lags og OldBoys-treninga igår. Ut i spelesekvensen kom så et hardt innlegg som Einar redda, men som trulig også gav han en viss trøkk i brøstet. Etter først å ha kasta ballen ut i spel igjen, så endte han i bakken. Spelarane som var på vei ut av eige felt, slik spelarar gjer når keeper kastar ut, høyrde berre et dunk bak seg. Det er skummelt berre å tenke på kor nifs situasjonen må ha vore for alle involverte. Heldigvis blei det tidlig reagert, og Børge Remøy samt Endre Notø kasta seg på hjertekompresjonen.

Etter det Bergsoy.com har blitt fortalt så holdt dei på med hjertekompresjon i nærmare 10-15 minutter. Kvart minutt virka nok som ei evighet. Pulsen kom heldigvis tilbake, etter det vi forstår ei 4-5 minutt ut i sekvensen. Deretter blei Einar kjørt med ambulanse til Myrvågane før helikopter førte han vidare til Trondheim.

Alle i Bergsøy, alle kameratar og lagkameratar ønskar Einar god bedring!

Ekstern link.

--> Les om hjerteinfarkt |









1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat