Kunstgrasets framgong
#
Vi har sett litt på det før, men gjer det igjen.

12.juni laga vi ei lita bildeframvisning som viste kunstgrasarbeidets framgong, den kan du fortsatt sjå om du trykker her. Idag tek vi det et lite skritt lengre, og legg ut linken til Kunstgrasboka våra.

Vi har laga ei lita "bok" med bilder der det stadig blir lagt fleire bilder inn i. Denne boka vil fortsatt bli oppdatert heilt fram til opningsdagen av bana. Boka er oppdelt i kategoriar med bilder som blant anna viser framgongen til arbeidet, forandringane som har skjedd, eller rett og slett diverse bilder frå arbeidet. For å blade i boka kan du trykke et enkelt trykk i et av dei 4 hjørnene for å endten blade bakover eller framover, eller du kan også trykke og halde inne musa for å drage et og et ark bakover i boka. Gå til boka ved å trykke her.

Elles må vi også minne om at det fortsatt blir lagt ut forskjellige bilder (og videoar) av kunstgrasarbeidet på kunstgrasets-side. Der har en bilda kronologisk etter når dei blei tatt, og no nærmar det seg snart 160 dagar sidar gravingsarbeidet starta ved Kulturhuset.

Berre nokre dagar til seriekamp.

Norway-Cup eventyra er over for denne gang, og dermed er klubbane i gang med å omstille seg tilbake til serieinnspurten. Og det er allereie komande fredag det skal spelast igjen, mot Langevåg på Bergsøy Stadion. Mandag kl 1800 er det forhåpentligvis full rulle med A-spelarar på plass igjen, slik at laget får seg nokre økter sammen før den komande og viktige heimekampen. Kanskje må Bergsøy bli tøffare i duellane? Det kan iallfall sjå slik ut, for igår meldte Sunnmøre Fotballkrets at Bergsøy toppar Fair Play statistikken med sine 10 gule kort og 0 raude. Rollon er verstinglaget med 23 gule og 3 raude, mens den komande motstandaren Langevåg er nest verst med sine 18 gule kort. Sjå heile denne statistikken ved å følge denne linken.

Om nokon sit inne med bilder frå Norway Cup bilder eller referat så hadde det våre artigt å hatt på sida så folk kunne få lese og sjå. Send gjerne epost til rompestryk@hotmail.com. Mens Bergsøy ennå ikkje har fått på plass sitt mannskap etter Norway Cup så har Spjelkavik idag treningskamp mot Ålesund2. Foreløbig har vi heller ikkje sett mykje til forsterkningar til Bergsøy på treningsfeltet, og på overgongsmarkedet har Rollon vore meir ivrig. Igår oppdaterte Rollon si heimeside med nyheter om fleire forsterkningar.

Runden Fredag 11.August:

Bergsøy - Langevåg (Bergsøy stadion)
FK Sykkylven - Hareid (Dalemyra stadion)
Hødd 2 - Spjelkavik (Høddvoll gras 2)
Valder - Volda (Valdervoll gras)
Ørsta - Skarbøvik (Ørsta stadion)
Aafk 2 - Rollon (Color Line Stadion)

Andre nyheter.

--> "Stranda har fått åpna si andre kunstgrasbane og strandarane har dermed eit av dei mest tidsriktige fotballanlegga på Sunnmøre". Les meir om den saka her.

--> "Dommer kastet i lufta under Norway Cup". Les mer om den saka, og sjå bilda her.

--> Utplukkinga av finalistene til årets Topp 100 Heimesidekonkurranse nærmar seg, og blir presentert på fotballen.no den 10.august.












★ Kampreferat med bilde
☆ Kampreferat uten bilde


Kampreferat
2010


2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

1999

1996

1995

1994

1993




11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.




:: HISTORIKK.com ::