Stortap mot SIF
#
Bergsøy blei overkjørt dei første 45 minutta.

Det vart som forventa en tøff kamp mot Skarbøvik. SIF dominerte den første omgangen, og det sto 5-0 til pause. Bergsøy fekk rett og slett ei oppvisning i rask og god fotball av et sprudlande topplag som ser ut til å kunne halde 2.divisjonsnivå.

-"Idag hjalp det ikkje uansett korr mykje ej blanda vatn og styrkedrikk".
(Arvid Kvalsund)

SIF var et hardtarbeidande lag, og pressa et Bergsøylag til å gjere feil på feil. Tilslutt straffa det seg, og måla kom på løpande band midtveis i den første omgangen. 1-0 kom etter et innlegg, mens 2-0 var ei fin opprulling og et hardt lavt skudd ved nermaste stolpe. Nokre unødvendige mål var det blant dei fem, men 4-0 målet kom etter ganske så bra klikk klakk spel av heimelaget. Heimelagets spelarar brukte mykje veggspel og hurtighet, og dei utnytta romma og kontringane dei fekk. Bergsøy på si side fekk en god sjanse dei første 45 minutta, og headdinga til Steffen Moltu blei redda på streken.

Bergsøy spelte bedre etter pause, samtidig som SIF kanskje slakka av og også misbrukte litt fleire sjansar. Kort sagt var den andre omgangen godkjent, mens den første var pinlig. Tapet kunne blitt større. En får trøste seg med at SIF var et mykje bedre lag, og at det ikkje var denne kampen Bergsøy måtte ta poeng i. Fredag får vi sjå om Valder og Rollon klarer å ta poeng..

Det er vanskelig å seie når det kjem et meir fullstendig kampreferat frå denne kampen. Det vil nok kome i løpet av helga. I helga vil det også bli jobba med å få ei ny gjestebok på plass. Kristoffer Nilsen (webmaster for Hovdebygda si heimeside & ex-BIL spelar), har jobba med gjesteboka ei tid no - og arbeidet nærmar seg slutten. Om kanskje ikkje søndag, så håper vi iallfall å få på plass ei gjestebok i løpet av den neste uka.

Fleire kjendisbilder og manipulerte bilder.

Thomas Sporsheim har nok en gang vore på ferde, og har sent fleire bilder som vi kan legge ut på vår side. Kjendisbildet denne gangen er tatt ilag med to av dei mest kjende dommarane i Norge, nemlig Knut Henning Øvrebø og Terje Hauge. Dette bildet er sjølvsagt også lagt inn på vår kjendistreff-side.


(Bildet: Thomas Sporsheim og to godt kjende norske dommarar.)

I tillegg fekk vi tilsendt endel manipulerte bilder av Thomas, og nedanfor kan du sjå den imponerande samlinga. Desse bilde er sjølvsagt lagt inn på vår side for manipulerte bilder.


Manipulert


Manipulert


Manipulert



Topp100 år 2006.

Fotballen.eu er nok en gang igang med si årlige rangering av dei 100 beste fotballheimesidene i Norge. Bergsøy er også iår blant dei 100, og dei 99 andre som er med i kåringa kan du finner ei oversikt over om du trykker her. Fotballen.eu har håp om å starte rangeringa frå 100 og oppover (nedover?) frå og med 25.august, så frå og med den datoen vil vi være spente på kva plasering vi hamnar på iår.

Etter 12.plassen i 2004 og 8.plassen i 2005 så har www.bergsoy.com allereie oppnådd mykje meir enn forventa. Utviklinga på heimesidefronten går frammover, og dei siste åra har det også blitt større fokus på heimesidene til toppklubbane i Norge. Bedre konkurranse skaper bedre heimesider, og også bergsoy.com har hatt endel større forbedringar siste året. Vår heimeside såg ganske så annaleis ut for ett år sidan (bildet under).


(Bildet: www.bergsoy.com for omtrent ett år sidan.)

Det var i mars at vi starta den store designforandringa her på heimesida, og det er fortsatt meir som må bli gjort før alt blir slik det skal være. Fleire av reportasjene og kampreferata ligg klare og må etterkvart kome på plass igjen slik dei var før. Tidsproblem og andre oppdaterings-prioriteringar har skylda. Elles ligg det en stor jobb å gjære i avdelinga for spelarprofilar, ikkje minst når det gjelder ex-BIL spelarar og trenarar. Dei som trur at heimesida vil stå stille i tida frammover, dei får tru om igjen. Bergsoy.com ser kun en vei, og det er frammover!

Info

I 2002 sesongen spelte Bergsøy alle 22 seriekampene uten å tape, og vann 3.divisjon Sunnmøre.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::