Ørsta er tøff motstand
#
Bergsøy har ikkje slått Ørsta i serien sidan 2003..

Bergsøy slit i bunnen av tabellen og må starte å vinne fotballkampar for å unngå nedrykk. Kan det kome en seier borte mot Ørsta?

Kamp mot Ørsta fredag 1.september.

Det blei tap mot Valder i sist kamp, og dermed har Bergsøy gjort det litt vanskelig for seg sjølv. No ventar nemlig to tøffe bortekampar, og det er Ørsta som ventar no fredag før Volda får besøk om ei ukes tid. 19.mai spelte Bergsøy kamp mot Ørsta på Bergsøy Stadion, og den kampen endte 3-3. Kampreferatet frå den kampen les du her.


(Bildet: Det skulle være et jubelbilde, men spelarane var ikkje så veldig glade for berre det eine poenget sist laga møttest.)


Ifjor var det også vanskelig for Bergsøy å ta poeng mot Ørsta, og det tross for god kontroll i kampane. I botnkampen på bortebane den gongen så endte det med tap 2-3, det sjølv om Bergsøy leiia 2-0. På heimebane blei det 2-2 på Huldalsgrusen.

-"I dag var vi heldige som fekk med oss poeng. Bergsøy var best og hadde fortjent å vinne." (Ørsta sin trenar Einar Arne Roth etter kampen i Huldalen 2005.)

Vi har tidligare nemnt at Bergsøy har hatt store problem mot Valder, men Ørsta har et minst like godt tak på Bergsøy som det Valder har hatt. I 2004 blei det 4-4 og tap 1-2. I 2003 blei det 2-2 heime, men det skulle bli siger 0-2 på bortebane. Med andre ord: Bergsøy har ikkje slått Ørsta sidan 2003! BIL klarte ikkje å ordne på den vonde statistikken mot Valder, men bør fikse litt på statistikken mot Ørsta om en skal halde Rollon bak seg på tabellen. Fredagens serierunde:

Hareid - Volda (Hareid stadion)
Langevåg - Aafk 2 (Langevåg stadion)
Skarbøvik - FK Sykkylven (Skarbøvik stadion)
Spjelkavik - Rollon (Spjelkavik stadion)
Valder - Hødd 2 (Valdervoll gras)
Ørsta - Bergsøy (Ørsta stadion)

Flytt måla etter trening og kamp.

Valder si heimeside er ute med følgande pressemelding:

"Alle mål skal ut av bana, og godt utenfor sidelinjene etter kamp og trening. Dette er av hensyn til klippinga. "

Meldinga ovanfor kan være greit også for alle aktuelle i Bergsøy å lese. Måla må utanfor sidelinjene etter trening, ikkje berre fordi at bana skal klippast - men også for å spare bana. Med måla ståande på en og samme plass så ser en at løkkefotballen spelast på samme områda (utanom treningstida), og dette fører til nedslitt bane.

Dagens kunstgrasrunde.

Det var 20.august vi sist tok ei runde for å sjå på utviklinga på kunstgrasfeltet, og då var det på tide med en ny kikk. Dagens oversiktsbilde er sjølvsagt også lagt inn i vår kunstgrasbok, mens resten av bilda er lagt inn i vår "dag for dag"-oversikt inne på kunstgrasets side. Nedanfor ser du ett av dagens bilder.


(Bildet: Dagens stikkbilde av kunstgrasområdet.)


Dagens rundtur på dei andre banene.

Det var muligens berre en vanlig torsdag idag, men aktivitet er det som alltid på banene rundtom. Juniorane trente på stadion, mens Guttelaget spelte 7'er kamp mot Tjørvåg i Huldalen. Det skulle bli et 3-4 tap for BIL-gutane denne kampen.


(Bildet: Bergsøy gutte tapte mot Tjørvåg.)


Litt om oppdateringane.

Det har vore litt tid mellom kvar oppdatering i det siste, og det er en kvardag som en etterkvart må innsjå vil bli meir og meir vanlig. Mindre fritid fører til mindre oppdatering. Trenden no er dermed litt sjeldnare oppdatering, men større (og fleire) nyheter slik som dagens oppdatering.

Bergsoy.com sine "journalistar" gjer en fin jobb med å oppdatere på lagsidene. På Jenter16 si side finner du blant anna et godt referat frå kampen mot Synnulven, medan du finn tekst og bilder frå minijentenes tur på Gursken Cup inne på Minijentenes si lagside. Dei som skal ha mest skryt for jamn og god oppdatering er journalistane som styrer med Damelagets lagside, ei side som ofte er oppdatert med aktuelle nyheter.

Fleire lurer på gjesteboka og når den kjem på plass, og det har nok ikkje blitt mindre press etter at det har blitt sagt at den ikkje er langt unna. No har det seg slik at den tross alt ikkje er langt unna, men den vil ikkje bli tilgjengelig før utviklaren/gjestebokansvarlig er fornøgd. Vi har imidlertid fått tjuvkika litt på den, og det ser bra ut. Gjesteboka blir mer avansert enn det Bergsoy.com hadde klart på eigenhånd, med registrering, brukerprofilar med profilbilder og meir spennande som vi vil kome tilbake til. Det blir spennande når den tid kjem at den blir klar, og ikkje minst er det viktig for heimesida å kunne tillby den muligheta.

Den øvrige oppdateringa på heimesida går sakte men sikkert frammover. For tida er det historikken som blir jobba med, der kampreferata blir lagt inn på vår historikkside. Dette er PRI 1. Deretter vil fokuset trulig gå tilbake til oppdateringa av spelarprofilane. Endel spelarar skal få profilar, og det er også en stor jobb som ventar med å få informasjon og bilder inn på profilane til våre Ex-BIL spelarar. Det vil også bli laga profilsider for trenarane opp gjennom tida, så det er absolutt nok å henge fingrane i. Det finns alltid noko å oppdatere & forbedre.

Herøy-Guiden vår blir forbedra fortløpande. Vi har fått litt tilbakemelding, og takkar for dei positive orda. Enkelte nye bilder har også blitt motatt, som foreksempel av Snipsøyrvatnet. Ingenting gleder meir enn å få både hjelp og tilbakemeldingar, slik at sida kan utvikle seg vidare.

Ny runde diverse linkar.

Når en tek ei runde på internett så finn en litt av kvart, og under er endel linkar du kan prøve deg på.

--> Bilde av fin fisk |
--> Fantastisk musikkvideo |
--> Rangering: 50 beste "independent movies" |
--> Grand Theft Auto Somalia |
--> Tøff video om sovestillingar |
--> Karate Baby |


Info

Det er ikkje ofte at spelarar klarer å score 5 mål på A-lags nivå, men Fred Frantsen klarte det i 1975 i en 3-6 siger på bortebane mot Aksla.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::