Søndagens nyheter
#
Det har blitt spelt kampar, og det har blitt mala.

Klubbhusets gule dagar held på å forsvinne. Spelarar har både laurdag og søndag fått kvitfarge på veggane, og det første strøket er bortimot ferdig på den synlige sida av huset.

Klubbhuset i Huldalen har stått i området sidan 1988, og en liten reportasje frå den gong huset nesten sto ferdig kan du lese her. Vidare har klubbhuset sjølvsagt gått gjennom nokre forandringar, og det er heller ikkje lenge sidan det kom på plass ei ny og fin tribune i dette området. Den siste dugnaden dreier seg om maling. Ikkje den aller største revolusjonerande forandringa med andre ord, men nok til at det vil bli merka.


(Bildet: Slik såg klubbhuset ut tidligare idag..)


Laurdag var en gjeng på plass for å male det første strøket på muren, og idag var det sjølve veggen som skulle dekkast med kvitmaling. Den gule fargen forsvann meir og meir, og då klokka var omtrent 17 idag så var det ikkje mykje gulfarge igjen.


(Bildet: En må rigge til slik at en kjem fram med malinga alle plassar..)


Bergsøy JR vann & Jenter 14 har spelt uavgjort.

Bergsøy sine juniorar slo Stranda med 3-1 idag, stillinga til pause var 1-1. Etter rapportane så var Bergsøy klart best, og Andre Lima, Kjetil Paulsen (str) og Bjørnar Gundersen ordna tilslutt en fortjent seier. Det siste og avgjerande målet som Bjørnar knalla inn på volley kom etter et flott angrep frå BIL si side.


(Bildet: Et lite bilde frå dagens JR-kamp..)


Bergsøy består sjølvsagt av fleire lag enn A-laget og JR-laget. Jenter14 fekk seg ei eiga lagside for litt sidan, og idag blei det første kampreferatet lagt inn. Jentene spelte 2-2 mot Ørsta oppe på Heid grusen, og måla blei scora av Kristine "Solskjær" Vike og Lovise "Ronaldo" Frøystadvåg. For meir info og ytterligare to bilder så kan du ta turen inn på Jenter 14 si lagside.


(Bildet: Jenter14 hadde god innsats mot Ørsta og hala inn et 2-2 resultat.)


Den komande kunstgrasbana.

Tidligare blei det sagt at det var håpa på en opning av kunstgrasbana i September. Sjølv dei største optimistane vil nok sjå at dette ikkje har klaffa heilt optimalt. Arbeidet fortsetter, og det er ikkje lett å fastsette en ny dato på opningsdagen. Vi gler oss uansett, og håpar inderlig på å sjå bana klar til bruk før vinteren kjem. Lysmastrene ligg i det minste klar til bruk, mastrene som tidligare var på gamle Kråmyra stadion - og som du ser to bilder av under.


Lysmastre


Lysmastre



Mens lys er et tema kan vi nemne at det stadig blir mørkare på kveldane frammover. Dette sett også fredagens kamp mot Hødd2 i fare, iallfall med tanke på Bergsøy Stadion. Trulig vil lysforholda gjere det slik at kampen må gå i Huldalen.


(Bildet: Det er ennå et stykke til det blir kampar her..)




Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::