Storsiger til Gutter12 avd 2
#
Bergsøy-94 Kvit med storsiger i Huldalen.

Bergsøy-94 (Gutter12) spelte kamp i Huldalen idag, og slo til med en 7-2 siger. Det var en kamp med fart og spenning, men Bergsøy viste seg fram som det mest målfarlige laget. Sjå lagbildet i større format ved å trykke på denne linken.

Bergsøy94 Kvit har hatt en fin sesong hittil, med meir sigerar enn tap. Tabell fins ikkje, men kampoppsettet til laget finn en om en følger denne linken. Laget har spelt 10 kampar iår, og har ifølge spelarane 7 sigerar. Laget har tapt i begge møta mot Hasundgot samt spelt en uavgjort mot Haddal, men altså kome sigrande ut av flesteparten av kampane hittil. Dagens motstandar var Volda3, og underveis i kampen var det fleire spelarar som viste seg fram med god innsats og bra teknikk. Ikkje minst var Bergsøy hakket kvassare i avsluttningane enn Volda3 var.


Fin redning


Headding i mål


Løpsduell


Duell

"Berre vent til vi får toppa laget vårt, da skal vi slå dokke".
(Voldaspelarane blei nok litt frustrert mot slutten etterkvart som Bergsøy avgjorde kampen)


(Bildet: Er raskt framme med ei tå for å sette inn et mål. Godt jobba.)


Bergsøy festa grepet på kampen mot slutten, og lufta hadde gått ut av bortelagets spelarar då BIL satte inn 5-2, 6-2 og 7-2. Det var litt uklart etter kampen kven som hadde netta for Bergsøy, men etter det vi fekk med oss så var det Martin Falkanger (3), Roald Røndø (2), Emil Storøy (1) og Fredrik (1) som var dagens målscorerar. Om dette er feil, eller om vi har stava nokre navn feil, så må vi berre beklage.


(Bildet: Bergsøy klora seg fast oppe på den angripande halvdelen..)




Malingsarbeidet på klubbhuset.

Klubbhuset er ennå ikkje ferdigmala. Grunnen til dette er delvis noko slapt oppmøte, noko som tidvis frustrerer Toni Sandanger som igjen har tatt på seg en vanskelig jobb med å organisere. Arbeidet går frammover, men sjølvsagt ikkje så raskt som det kunne gjort om oppmøtet hadde vore bedre.


(Bildet: Terje Teige og Thomas Voldsund var i malingsaktivitet idag..)


Når det gjeld kunstgrasbana så er det no berre ei lita grop igjen å tette. Det luktar snart kunstgras i området, og vi gler oss.

Årets Topp100.

Mange har fått med seg at årets Topp100 heimesidekåring er underveis. Bergsøy har ennå ikkje kome opp på nedtellinga, og det betyr at vi nok engang er blant dei 40 beste heimesidene i Norge! Følg med kåringa også fredag for å sjå om Bergsoy.com blir nemnt. Linken finnast på framsida, eller du kan trykke her. 


Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::