Gutter16 1-1 mot Hødd2
#
I Gutter16 2.div avdeling 1 blei det laurdag spelt 1-1 i Huldalen mellom Bergsøy og Hødd2.

Det var sol og fine speleforhold på ei tørr grusbane, og Bergsøy var ute etter å sikre førsteplassen i 2.divisjon med en siger mot Hødd2.


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Bergsøy hadde ingen planar om å vente til kameramannen var klar, og allereie etter 1-2 minutter så var heimelaget oppe i 1-0. Fint gjennomspel og bra avsluttning mellom beina på keeper. Bergsøy var klart det beste laget i starten av kampen, og det virka til å være en viss nivåforskjell på laga dei første minutta. Bergsøy hadde endel fikst spel og gode kombinasjonar dei første 10 minutta, og fekk både en og to cornerar ut av det. 11 minutt ut i kampen lukta det nytt mål, men Hødd sin keeper gjorde ei sterk redning på streken.


(Bildet: Stor sjanse til å putte enda ett mål for Bergsøy.)


Spelet roa seg litt ned etter en god start med friske Bergsøy-bein, og den neste store sjansen kom etter 19 minutter. Fleire Bergsøyavsluttningar kom også 21 minutt ut i omgangen. Halve omgangen hadde faktisk passert før vi noterte oss at Hødd fekk corner, bortelaget hadde lite å by på i første halvdel av omgangen. Men Hødd2 kom sterkare tilbake etter å rista av seg det verste BIL-presset, og etter 25 minutt måtte Nicklas slenge seg for å hindre et baklengs. God redning.


(Bildet: God redning av Bergsøy sin keeper.)


Bergsøy hadde gitt frå seg grepet på kampen og lot Hødd2 kome meir med i spelet. Nye Høddforsøk blei registrert i det 28.minuttet. BIL prøvde seg på ei kontring og var heilt igjennom minuttet seinare, men dommaren blåste for en tvilsom offside. Dei neste ti minutta var mest prega av klareringar og midtbanekjemping, og resten av omgangen blei det ikkje produsert målsjansar. Bergsøy fekk klarert langt i det 40.minuttet, og dommaren blåste av til pause.


(Bildet: Løp i starten av den andre omgangen.)


Bergsøy kom også best igang i den andre omgangen, og vi noterte oss nokre skuddforsøk. Men den gode BIL-perioda var kortare denne gangen, og Hødd tok meir og meir over. Om dei første fem minutta var Bergsøy sine, så var dei ti neste klart Hødd sine minutt. Bergsøy såg ut til å ha en liten kollaps, og fekk ikkje taket på spelet. Bergsøys keeper Nicklas ropte ut sin frustrasjon; "Karr midtbana e?".


(Bildet: Høddkeeperen blei satt på mindre prøver i den andre omgangen.)


Tre minutt seinare var det imidlertid svært nærme 2-0. En angripar kjempar til seg ballen frå Høddkeeperen og skyt mot mål. Ballen går gjennom beina på keeper og trillar mot målstreken, men keeperen rekk å slenge seg på ballen før den går imål. Den var nok ikkje inne. Så skjer det 28 minutt ut i den andre omgangen; Hødd får frispark og ballen endar imål. Bergsøy ville klart ha hands i forkant av frisparket, men protestane førte ikkje fram. Skulle Bergsøy kanskje tape en kamp der laget virka overlegne i perioder i 1.omgang?


(Bildet: Duellar prega den andre omgangen.)


Bergsøy skjerpa seg litt etter utligninga, og fekk tilbake intensiteten og vinnarvilja. Fire minutt før full tid kom dagens siste store sjanse. Aleine gjennom på skrå mot mål, men skuddet endar i keeper. Og då endar kampen 1-1. I sekunda før dommaren bles av kampen får vi også sjå et rødt kort til Bergsøy idet en Høddspelar blir dytta overende. Frustrasjonen kom ut, og spelaren må nok regne med å stå over 2 kampar.


(Bildet: Kanskje Bergsøy sin største sjanse til å ta alle tre poenga.)


En varierande kamp av Bergsøy. I 1.omgang hadde laget taket på Hødd2, og vi fekk sjå smarte veggspel og fine kombinasjonar. Etter pause blei det mindre av finspelet, kanskje også grunna at Hødd2 var flinkare i presset. Nokre gule kort kom også i den andre omgangen. 

Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::