Dreg lasset sammen
#
Bergsøy er klare for neste års 4.divisjon, men ønsker å sprette tilbake til 3.divisjon

Det er søndag, og Bergsøy er et 4.divisjonslag. Igår spelte laget i 3.divisjon, men en må no innsjå at det er nye tider som ventar. Det er kanskje det som er mest spennande; at det enda er få som klarer å forestille seg kva vi går til. Korleis blir bana vi kjem til å spele neste års heimekampar på? Kva spelarar forlater klubben eller kjem for å forsterke laget? Kva nivå er dei egentlig på dei laga vi kjem til å møte i neste års 4.divisjon?

Igår skjedde det mykje. Laget vann 7-2 og beviste at det bor mykje fotball i Bergsøy-beina, men samtidig gjekk laget ned en divisjon. Tabelljumbo med 19 poeng av 66 mulige blei ikkje nok tilslutt. Målforskjellen utpeika seg egentlig ikkje som et jumbolag sjølv om 59 baklengs var det dårligaste i divisjonen. Bergsøy slapp inn jamnt både før og etter sommerpausen, faktisk slapp laget inn 29 den første halvdelen av sesongen og 30 mål den andre halvdelen. Ser en på scåra mål så er det egentlig en oppløftande statistikk. 38 scåra mål er berre to mål mindre enn det Sykkylven scåra, og dei endte på en 2.plass på tabellen. Volda, Valder og Rollon scåra alle mindre enn det Bergsøy gjorde i løpet av sesongen. Gjennomsnittet i divisjonen vart tilslutt 43,3 mål pr lag den rette veien, og 47,4 dei galne veien. Kort sagt betyr det at Bergsøy scåra litt mindre enn gjennomsnittet, og slapp inn meir enn gjennomsnittet.


(Bildet: Sluttabellen 2006)

Brattvåg og Blindeim rykkte opp frå 4.divisjon iår, og tek plassane til Bergsøy og endten SIF eller Rollon. Det gjennstår mange gode lag i 4.divisjon, og lag som ikkje klarte å rykke opp var Stranda, Ha/No, Norborg, Godøy og Åram/Vankam. I den andre enden av tabellen finn vi Herd, Sunnylven, SIF2, og dei to botnlaga Larsnes/Gursken og Hovdebygda som er under streken. Det er berre å bli kjent med namna så raskt som råd, for dette er neste års motstandarar. Vi må heller ikkje gløyme Ørskog og Stordal, dei to laga som kjem opp ifrå 5.divisjon. Kort sagt: Bergsøy bør ha kapasitet til å ta mange poeng neste år.

Laget til neste år.

Det vil alltid skje forandringar imellom sesongane, det har vi sett dei siste åra. Det er lov å håpe at Bergsøy vil bli et ganske slagkraftigt lag neste år, slik at en kan få til en skikkelig opprykksfest om et års tid. Når det er sagt så er det klart allereie idag at en veit enkelte spelarar vil forsvinne. Steffen Moltu offentliggjorde igår at han vil gå over til Larsnes/Gursken til neste år, heimklubben som faktisk vil bli en av motstandarane til Bergsøy om dei klarer å halde seg i 4.divisjon. Moltu presiserar at avgjerdsla ikkje har noko med forholdet til Bergsøy å gjære, en klubb med spelarar som han likar å trene ilag med, men at det må bli slik for å kombinere best mulig fotball, skule og fritid.


(Bildet: Steffen Moltu spelte sin siste kamp (i denne omgang?) for Bergsøy igår)

Arbeidet med å halde spelarar i klubben til neste år burde allereie være igang. Preben Hestad har uttalt at Hareidskampen var hans siste for klubben, og også Jonny Leikanger har kome med diverse uttalelsar, men det er ingen tvil om at dette er spelarar som Bergsøy ønsker skal satse vidare i klubben og hjelpe laget tilbake til 3.divisjon. Egzon Abazi reiser i millitæret til neste år, og som alltid vil det være spelarar som kjem til å reise vekk for å ta utdanning. Vi får berre vente å sjå kven dette vil bli snakk om. Svein Haukås gir seg som kjent i trenarrolla, og vi må takke han for sin innsats gjennom heile året både på treningsfeltet, under kampane og på dugnadane som har vore. Svein Haukås er ein kjernekar som er godt likt i miljøet, men som desverre ikkje fekk oppleve den sportslige suksess vi alle håpte på tilslutt.

Vi får sjå frammover, og med Martin Molnberg og Vegard Sævik tilbake i laget frå start til neste år - så ser vi for oss et forsvar som mange andre 4.divisjonslag vil ha store problem mot. Vi må avvente å sjå kva som skjer på trenarsida, også dette blir svært spennande i tida som kjem. Når det går mot Inne-KM, Romjulsturneringa, og like over nyttår, så vil vi kanskje sjå meir av fasongen til neste års lag. Det blir uansett et lag som står foran ei stor utfordring. Bergsøy blir forventa å være en opprykksfavoritt, et stempel som ikkje er lett å ha på seg hverken for spelarane eller den kommande trenaren. Likevel må vi være optimistiske, og sjansen for opprykk er absolutt tilstades.

Positivitet er det bra av i laget, og det er lite av syting innad i laget sjølv om motgangen har vore stor gjennom heile året. Avogtil har det vore for lite syting. Det har vore for lite trøkkar på treningsfeltet. Det er ingen hemmelighet at vi håpar Frank Sverre Skorpen skal kome tilbake til klubben til neste år for å hjelpe til på dette feltet. Frank Sverre blei toppscårar i 3.divisjon med Spjelkavik iår, men hadde nok vore i Bergsøy allereie om ikkje Ålesundslaget hadde satt ned foten. Frank Sverre er iallefall med sine resurrsar som spelar med bankande Bergsøyhjerte en mann som er hjertlig velkommen tilbake om det passar seg slik.

Avsluttninga på kvelden.

A-laget hadde seg en avsluttningsfest på Bryggen seinare på kvelden etter 7-2 tapet. Mykje blei sagt, men det meste kan oppsummerast i det vi legg ut nedanfor, to tilnærma sitat på taler tidlig på kvelden.

-"Vi får håpe, og det håpa vi alle, at det ikkje blir nokon flukt ifrå laget. Det er en veldig fin gjeng som er her no, og dåkker er igrunnen for gode til å spele i 4.divisjon for å seie det rett ut. Frank Sverre håpa vi også på til neste år. Ej høre rykte om at Steffen Moltu fær frå oss neste år, og ej vil takke han for den tida han he vore her. Ej håpa også det at på neste år på tid og stund vil det være opprykket vi feira. Og det he ej stor tru på. Det trur han Svein vi kan feire midt på sommaren om det vi spelar slik som idag, og det er ej villige til å tru ej også. Lykke til ikveld gutta."
(Terje Lima i sin tale under avsluttningsserimonien på Bryggen)

-"Det ej vil seie, det er at iår så he vi slete veldig mykje. Og det vil seie at det vi ligg tross alt sist på tabellen og rykker ned. Monge ting he vi sikkert konna gjort annaleis, både frå spelarar og styre, trenar og anna, men det kan vi ta seinare - det er ingen kritikk her og no. Idag vann vi 7-2 og spelte en kjempekamp. Vi he allereie rykkt ned, men vi e faktisk i godt humør alle ihop. Det er ikkje monge lag som hadde greidd å holdt oppe humøret sånn som vi har gjort, og gjer idag. Allikavel, når Terje Lima nemne spelarutflukt, så må ej seie at her er spelarar som ej veit har lyst å fare - og kanskje sagt at dei skulle fare. Kanskje kan dei overtalst til å være litt lenger. Preben har også sagt han har spelt sin siste kamp, ej e faktisk ikkje så sikker på det heller. Men ej trur faktisk det gutta, at sjølv om vi spelar 4.divisjon neste år, så er ej ganske sikker på at vi rykker opp igjen ganske fort viss alle yte maks. Hadde vi ytt det vi egentlig skal gjere, så hadde vi ikkje leie verken midt på tabellen er nåke sånt, men på øvre halvdel iår. Heilt garantert. Håpe det vi fe kose oss ikveld, så får vi ta et evalueringsmøte seinare, og prate om både det som har vore bra og dårlig. Her er sikkert monge som he sine meiningar. Det som er viktig å fokusere på no er det positive. Vi he ikkje hatt en fatal sesong, vi he hatt det mykje artig også - sjølv om vi he hatt mykje motgong. Fått inn gode spelarar mot slutten, Martin og Vegard, som ej gjerne vil berømme for sin positive innsats både på og utanfor bana. Men gutta: Neste år kreve det. Det kreve. Skal vi rykke opp, så er det ikkje snakk om å berre møte opp på trening for å ha det gøy eller det eine eller det andre. Det kreve vanvittig innsats. Det er mykje vanskeligare å rykke opp ifrå 4.divisjon enn det er å halde seg i 3.divisjon. Alle forventa at Bergsøy skal klare å rykke opp, men ska vi få til det så kreve det 110% innsats frå kvar enkelt spelar. Og ej veit så inderlig at Bergsøy høre ikkje heime i 4.divisjon. Det er noko av det suraste en kan oppleve, det vi oppleve idag, iallefall i mitt liv der ej kun he spelt i 6.divisjon inne i Gjerdsvika (latterpause), å rykke ned. Men ej seie det rett ut. Idag var det ***** surt. ***** surt å rykke ned. Å vite at en he rykkt ned. Men vi ligg i en posisjon der vi kan rykke rett opp igjen, og skal vi klare det, så er det utrulig sterkt."
(Spelarrepresentanten Toni Sandanger med si tale under avsluttningsfesten på Bryggen)


Info

Første kamp spilt på Bergsøy Stadion var mot Åndalsnes i 1972. Bergsøy tapte 2-1.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::