Bergsoy.com feirar
#
Vi har heilt gløymt å feire, så vi får ta det no.

1.oktober 2002 såg vår heimeside dagens lys første gang, og vi har heilt gløymt å feire 4års dagen! Det er også over 3 år sidan at vi fekk adressa www.bergsoy.com.

Det er over 4 år sidan at vi tenkte det kunne være greit å starte ei heimeside med litt informasjon om fotballen. På den tida var A-laget inne i en stim av suksess, og laget skulle snart til å spele kvalifiseringskampar mot Averøykameratane for opprykk til 2.divisjon. No, 4 år etter, så er Averøykameratane fortsatt i teten oppe i Nordmøre - men Bergsøy har gått den andre veien. Lite visste vi på den tida at også Bergsoy.no var i "kjømda", men så var det heller ikkje meininga at det skulle bli den heilt alvorlige heimesida. Vår fotballside skulle være uoffisiell, og styrt akkurat slik vi ville. Sida blir fortsatt styrt slik vi vil, med det har blitt litt meir alvor inn i bildet, sjølv om litt tull her og der blir smetta inn.


Slik såg vår heimeside ut for 4 år sidan.

Utviklinga til sida går frammover, sjølv om det til tider har stoppa litt opp. Historikken har alltid vore det store satsingsområdet, men det er en lang vei å gå ennå. Etterkvart som åra har gått så har krav til kvaliteten blitt økt, og dermed har mykje arbeid måtta blitt gjort om igjen. Mens heimesida første året hadde 20 megabyte til disposisjon, så har vi pr idag 1000 megabyte til disposisjon. Mens vi tidligare klippte bilde til en liten størrelse for å spare plass, så fokuserar vi meir på bedre og større bilder idag. Omorganiseringa av sida til dagens design har også tatt si tid, men no startar arbeidet å vise frå seg. Litt og litt kjem på plass. Reportasjesida startar å ta form igjen under nytt design. Meir og meir historikk vil kome på plass.

Idag har det blitt arbeida med spelarprofilane. Jørn Kvalsvik, Håvard Remøy, Thomas Voldsund, Andre Lima, Arve Leine og Martin Molnberg har endelig fått seg spelarprofilar. Det viktigaste er å få dei på plass; det er enklare å redigere enn å lage nytt. Et stort arbeid må no til med å lage spelarprofilar under Ex-spelarar. Anders Hoff fekk sin profil oppdatert idag, og vi vil jobbe alfabetisk frammover. Målet er at vi etterkvart vil ha en imponerande stor mengde med fakta på vår side.

Den nye sida Bergsøy Versus, som en finn i historikkmenyen, blir det også jobba med. Hittil er det berre Hareid, Skarbøvik og Volda som er på plass, men etterkvart som fleire lag kjem på plass så blir dette ganske bra. Det er også mange andre sider som får oppdatering eller som treng det. Desverre tek det tid å rekke overalt. Det er alltid nok å gjere. Håper at det vil bli mulig å få gjort en god del no i sesongpausa.



Bergsoy.com sin maskot (bildet over) har nærmast blitt gløymt etter at vi skifta bort vår tidligare toppmeny. Også her har vi en jobb å gjære. 



★ Kampreferat med bilde
☆ Kampreferat uten bilde


Kampreferat
2010


2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

1999

1996

1995

1994

1993




11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.




:: HISTORIKK.com ::