Handlar om å delta
#
Men når sant skal seiast så vann det beste laget

Det har vore KRIK-helg i Fosnavågen igjen. Fredag var det volleyballturnering, mens det laurdag var fotballturnering. Det gjekk fredelig og fint føre seg begge dagene, med unntak av medfarten fotballane fekk idet hastighetsmålaren blei testa. Laseren ryktast å vise omtrent 116 kilometer i timen på et skudd Marvin Kopperstad smellte ivei. Sjølv med 30 meter rennfart klarte ikkje Bergsoy.com å kome opp i tilsvarande.

Det var en rolig fredagskveld med volleyball. Ikkje så mange lag egentlig, og dermed ikkje så mange i hallen heller. To lag peika seg tidlig ut som favorittar til å stå igjen som vinnarar av turneringa. NFK (Nerlandsøy Fotball Klubb) var kanskje største favoritten med sin rutine. Men volleyballen er i likhet med fotballen noe rund-aktig, og den spratt også meir på bakken en ønskelig på NFK's banehalvdel i finalen mot Team Arnes. Laget besto av spelarane: Mario Liavåg, Andreas Johnsen, Øyvind Paulsen, Kjetil Paulsen, Jan-Åge Sundnes, Audun Høydal, Joachim Bendalog Frantz Frantzen.


Mons Arne Kvalsvik mottok poakelen etter fotballsigeren.

Grunnen til kveldens oppdatering er ikkje for anna enn å hylle laurdagens suverene vinnarar av fotballturneringa, etter 6-5 sigeren. Det var samme laga (NFK mot Team Arnes) som møttast under volleyballturneringa kvelden før. Dei tapte, men KRIK handlar om å delta.

Vinnarane, Nerlandsøy Fotball Klubb, kan i tida frammover fortjent bli hylla av alle Herøys innbyggarar etter sin prestasjon. Mons Arne Kvalsvik, Mats Inge Teige, Marvin Kopperstad, Martin Molnberg, Marius Vangen, Steffen Kvalsund, Karl Bjarte Vike, Pål Andre Nerland, og ikkje minst det vellykka kjøpet Jan Ove Hansen som kom til klubben på free transfer.

Som dei fleste forstår så var dette en noe rask oppdatering. Tidsmangel gjorde at det heller ikkje idag blei tatt bilder av kunstgraset. Arbeidet ryktast imidlertid å være i godt driv, og at opninga vil kunne bli i november. Dei fleste har også fått med seg at SIF gjekk på en smell mot AK, et AK-lag som etter ryktene har et bedre lag enn på lenge. "Et bedre lag enn når Bergsøy sist møtte dei", var det en AK-tilhengar lirte ut av seg, "som har mange gode og rutinerte spelarar i 30års alderen". Om ikkje SIF slår til med en 3-0 seier eller lignande neste helg, så betyr dagens resultat at det blir duka for nye kampar mot Rollon til neste år. Larsnes/Gursken balanserar også dei på kanten til nedrykk, noko som kan bety 5.divisjon for våre naboar.



Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::