Siste tids nyheter
#
Det har vore ei lita uke sidan sist oppdatering, så dermed har vi ei lita oppsummering å kome med.

Fotballens dag gjekk unna på laurdag, og for A-lagets del var den største spenninga kven som skulle bli kåra til Årets Spelar 2006. Terje Teige var spelaren som fekk æra av å kunne kalle seg Årets Spelar.

Terje Teige debuterte på A-laget i årets sesong, og spelte seg til fast plass i midtforsvaret. Den sympatiske midtstopparen har opptrådd unormalt rutinert for sin alder, og har gjennom godt spel sesongen igjennom gjort seg fortjent til å få tittelen Årets Spelar. På bildet over er det sportslig leiar Kjetil Goksøyr som overrekkar Terje Teige med prisen.

Tuftelaget gjorde også sitt til å gjere dagen perfekt. Laget delte ut 35 000 kroner til Bergsøy som skal bli øremerka belysninga til kunstgrasbana. Bildet av sjekken kan du sjå under.


Fotballens dag


Fotballens dag



Bergsøy nyheter.

Bergsoy.com fører opp statistikk, men årets spelarbørs-statistikk er ikkje korrekt. Denne statistikken var å finne i ei utgave av Sunnmørsposten for ei lita tid tilbake, men ved en feil så blei avisa brukt som brensel i ovnen. Om nokon har denne utgava liggande så hadde det vore fint å kunne fått tak i. Kontakt på rompestryk@hotmail.com

Bergsøy jaktar på ny trenar. Kjell Rønnestad har takka nei. Bergsøystyret håpar å få på plass en ny trenar til A-laget så raskt som råd, slik at spelargruppa kan fokusere skikkelig på neste års arbeidsoppgaver. Når det gjeld dei komande arbeidsoppgavene så er neste på timeplanen A-KM i Olivinhallen 14-15.oktober. Juniorane skal samme helga til Førdecup, noko som gjer at A-laget trulig vil være uten spelarar som Kjetil Paulsen, Terje Teige og Gustav Pettersen. Martin Molnberg har signalisert at han skal i selskap denne helga, mens Steffen Moltu håpar å spele for sin nye klubb Larsnes/Gursken. Det gjennstår å sjå kva lag A-laget klarer å stable på beina.

Når det gjeld A-laget sitt KM i Olivenhallen så skal laget spele i gruppe med Volda, MSIL og Flø. Nytt av året er at vinnaren av kvar gruppe møter ein toar i ei anna gruppe for å avgjere kven som når sluttspelet. Brattvåg er regjerande mester, og dei andre gruppene kan du sjå om du følger denne linken.

Bergsoy.com si gjestebok fungerer okay, og det har vore mindre problem i det siste enn det var før gjesteboka blei lagt ned. Problemet no er forummet, som stadig har problem med spam og reklame. Kva vi kan gjere med dette problemet er noko usikkert. Arbeidet med den nye gjesteboka har stoppa opp litt, og vi tør ikkje lengre seie når den kan bli ferdig. Vi får ta det som en bonus når den tid kjem.

Kunstgrasarbeidet.

Kva skjer med kunstgraset? Jau, no nærmar det seg skikkelig. Det som er viktg no er at været held seg nokelunde tørt. Om det skjer, så kan arbeidet med å legge kunstgraset kome igang neste mandag.




(Bildet: Kunstgraset 22.oktober)

Det er fem dagers forskjell mellom bildet over og bildet under. Arbeidet går frammover, og framgongen vil nok bli merka raskt i tida som kjem. Med aktiviteten vi opplever i ballbingen så er det ikkje vanskelig å forestille seg kva ei kunstgrasbane vil kunne bidra med.



(Bildet: Kunstgraset 27.oktober)



Forskjellige nyheter.

Rollon blir å finne i neste års 4.divisjon, mens Larsnes/Gursken blir å finne i 5.divisjon etter at Skarbøvik med Lars Conradi Andersen på benken ikkje klarte å slå Averøyskammeratane. SIF var nærme på å klare det, men var tilslutt nokre centimeter for dårlige. En bom for ope mål på overtid, og vips så må SIF fortsette i 3.divisjon tiltross for sin dominans i årets serie. Så kan en seie i ettertid; Kven var det som var så lur i å spre ryktet om et dårlig nivå i Nordmøre-serien? Merkelig at SIF skulle undervurdere Averøy frå Nordmøre, når en ser statistikken Sunnmøre har hatt siste åra i desse kvalifiseringskampane. PS: Neste års 4.divisjon består av følgande lag: Bergsøy, Godøy, HaNo, Herd, Norborg, Rollon, SIF 2, Stranda, Stordal, Sunnylven, Ørskog og Åram/VanKam.

Hareid står i likhet med Bergsøy uten trenar til neste år. Følgande tekst har vi tatt ifrå Hareid si heimeside: "Kenneth Moldskred har fått nok for denne gong. Han kjem ikkje til å trene Hareid neste sesong. - Etter så mange år, kan det sikkert vere fornuftig med andre impulsar for begge partar, skriv Kenneth i ein mail til web. journ. EOT. Vi vil takke Kenneth for fire framgangsrike og gode år, og ønsker han lykke til vidare, uansett kva han skulle finne på."

Hareid har også sine kåringar av årets spelar, dette kan du lese om du trykker på denne linken.

Spjelkavik har siste tida signert fleire spelarar, les det på denne sida.

Det er sikkert ikkje nødvendig, men vi nemner det likevel. Bergsøy, Molde og Hødd rykker ned mens Aalesund rykker opp. 3 tabelljumboar og 1 opprykkar. Fotballen i fylket har fått en ny storebror, og han befinner seg no i Ålesund.


Info

Fred Frantsen var toppscorer for Bergsøy fire år på rad fra 1973-1976. Frank Sverre Skorpen gjorde det samme årene 2000-2003.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::