Helga-oppdateringa
#
Det er fredag, og Bergsoy.com filosoferar. Det hjelp ikkje å seie at Bergsøy SKAL rykke opp. Det må leggast til rette for at det skal skje. Først og fremst håpar vi å snart sjå kunstgraset. Det er et løft klubben treng no.

Siste tida har det ikkje skjedd mykje, anna enn kanskje å legge merke til litt av diskusjonane som fins i gjesteboka. Nokre av innlegga som har kome kan vi sikkert svare på.

Det blir spurt om linken til Juniorlagets KM side. Junior-KM skjer i Herøyhallen helga etter A-KM, altså 17-19.november, og med Bergsøy IL som arrangør så var det sikkert på sin plass å få til ei eiga side til arrangementet. Dei siste åra har arrangørane våre flinke til å raskt oppdatere med resultat og bilder over internet, og det blir satsa på å få til noko lignande frå Kulturhuset idet juniorane skal kjempe om KM tittelen.




Juniorlagets KM side er fortsatt under arbeid, og det er ikkje å mykje å finne der pr idag, men det vil nok bli meir av informasjon i tida frammover.

Diskusjon - Bergsoy.com synspunkt.

A-laget har ikkje blitt prioritert i den grad laget burde, det er en sannhet som en må ta med seg vidare til neste år og lære av. Mykje rart har skjedd iår som en bør rette opp til neste år. På mange måtar er det ikkje rart at det har dukka opp en diskusjon om hvorvidt juniorlaget har blitt prioritert foran A-laget. Det starta allereie tidlig ifjor med at A-troppa blei tatt ut på et alt for tidlig tidspunkt, noko som medførte at fleire spelarar som ikkje kom til å bli med på A-laget fekk utstyr på G-sport av en verdi av ganske så mykje pæng. Men det er no vi må starte å sjå fram mot neste sesong, og vi må lære av feila som har blitt gjort. Iår lærte Bergsøy A-lag tydeligvis ingenting av fjorårets sesong.

* Det bør bli klarare kommunikasjon til neste år, klarare retningslinjer, og bedre dialog trenarar imellom. Det er alltid det høgaste nivået som bør bli prioritert. Om en juniorspelar startar kampar på A-nivå, så må han bli rekna som en A-spelar. Det betyr at denne spelaren bør trene med A-laget. Juniorlaget kan erstatte denne spelaren ved å dytte en guttespelar opp til juniornivå, og på denne måten bidra til en sunn talentutvikling. Dette har ikkje fungert iår. A-juniorane har både trent og spelt på juniorlaget, heilt fram til og med siste seriekamp, og dette har ved fleire anledningar skapt unødvendig misnøye innad i spelargruppa. En må trene godt for å rykke opp frå 4.divisjon, og da er det ikkje mulig å fortsette samme trenden i at det kan være ei 5-8 mann på trening fordi juniorlaget har bortekamp.

* Det komande A-KM frustrerar enkelte, det kan en sjå i gjesteboka. Grunnen til frustrasjonen er uvissheten, mangelen på informasjon, som har vore etter sesongslutten. Trenaren gav seg på dagen. Kontaktnettet er ikkje stort. A-laget har ikkje hatt nok innetreningar, er usikre på når det faktisk er treningstider, og det er ingen god oversikt over kva lag A-laget kjem til å kunne stille med. A-KM er til opplysning allereie neste helg. Så til det som har gjort situasjonen verre. A-KM blei flytta til samme helg som Førde Cup.

* Når det gjelder inneturneringar etter sesongen så er dette ikkje like viktig som fokuseringa på serien. Om A-juniorane ønsker å spele på Førde-Cup, så må dei få lov til det. Samtidig viser kanskje dette at det å spele på A-laget pr 2006 ikkje er den største æra. A-laget har ramla noe sammen. Ja, tross alt har det vore et enorm generasjonsskifte. Ikkje berre iår, men over dei 3 siste åra. A-laget består av store delar av juniorlaget. Det betyr ikkje at A & JR treningane skal slåast sammen. Iallfall ikkje meir enn 1 dag i uka. Det viktige til neste år, noko som må være svært viktig å være klar over, blir å få konsentrert fokus på at A-laget skal bli bedre. Bergsøy er en 4.divisjonsklubb, og det er vi ikkje tjente med.

Kva skjer? No trur kanskje fleire at dette er nedrakking av juniorlaget eller juniorspelarar. Det er det ikkje. Terje Teige blei årets spelar, og Gustav Pettersen var sikkert ikkje mange skostørrelser bak. Kjetil Paulsen har vore en av lagets viktigaste spelarar siste 2 åra, og Jørn Kvalsvik har tatt steget opp på A-nivået i årets sesong. Poenget er at grensesettinga har mangla, og det er ikkje spelarane sjølve som skal sette. Det spelarane sjølve skal finne ut er kva dei ønsker å satse. Trenaren avgjør vidare. A-lagets trenar skal alltid ha siste ordet i kva spelarar han ønsker å bruke. Dette skal det ikkje være tvil i.

Dill og dall.

* Det blir raskt mørkt idet klokka paserer 1700, derfor har det ikkje vore mulig for Bergsoy.com å sjekke framgongen på kunstgrasarbeidet denne uka. Det som desverre kan seiast er at det ikkje har gått så raskt som en hadde håpa på. Det har ikkje vore så bra værforhold siste uka, med snø og regn. Vinterdekksesongen har starta.



(Bildet: Trykk på bildet for å spele et nudist-trampoline spel.)

* Det skjer mykje rundtom, og Hareid går tydeligvis igjennom diverse forandringar dei også. "I likheit med trenar Kenneth Moldskred, kjem ikkje oppmennene Harald Møller og Stein Arve Rise til å halde fram med si gjerning neste sesong." meldar Hareid si nettside. Vidare har heimesida sin web-redaktør Jostein Sundgot offentliggjort at han gir seg, samt at spelaren Olav Haug Vikebakk takkar for seg i den røde drakta.

* Vi grattulerer SIF med god føring av statistikk. Om en går til Skarbøvik si heimeside så får en sjå blant anna kven som har møtt opp på flest treningar, og kven som både blei toppscårar og jubilantar.

* Rollon si heimeside ser fram mot neste sesong, og håpar at det vil bli ei opprydding i klubben. Laget har sett seg lei av å være verstingane som alle hatar, blir det sagt.

* Det har blitt sagt at Larsnes/Gursken beheld plassen, men dette stemmer ikkje ennå. Klubben kan beholde plassen i 4.divisjon om SIF2 trekker sitt lag, noko som ennå ikkje er bestemt. I Sunmørsposten på torsdag (eller onsdag) kom det fram at SIF tek betenkningstid på saka, og at fristen på å få dette avklara er noko fram i tid.


Info

I 1951 hadde Bergsøy lysegrønn trøye med kvite mansjetter og blå bukse. Reservedrakt var blå bukse med kvit trøye.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::