Bergsøy vinnarar av KM
#
Det var tre spennande dagar i Herøyhallen, men mest spennande var det sjølvsagt søndagen med sluttspelet.

Bergsøy er KM-vinnerar på heimebane, en prestasjon som fortjener den skryten den kan få. Kjetil Paulsen blei av en jury kåra tl finalens beste spelar, en kamp der Bergsøy vann 4-2 over Ålesund. Ålesund slo Hødd i semifinalen, Bergsøy kom på si side til finalen ved å slå Stranda.

Hødd sitt lag var av fleire forhåndsfavorittar, ikkje minst fordi dei spelte bra i dei innleiande kampane. Det skulle vise seg at det var fleire lag som kunne kjempe om pokalen, og Stranda sitt lag imponerte også i sine tidlige kampar. Bergsøy varierte i prestasjonar, men starta dagen med en utklassingssiger mot Herd1. Det blei tøffare mot hard motstand, og berre et klassefrispark av Egzon Abazi gjorde at laget kunne slå Hareid ut av turneringa med stillinga 3-2 i kvartfinalen.



(Bildet: Kjetil Paulsen blei kåra til finalens bestemann.)


Bergsøy hadde sine problem mot Hareid, men skulle få meir å bryne seg mot i sterke Stranda. Og for å seie det rett ut; Stranda var hakket bedre i starten. 3-0 til Stranda, og 4-1 til Stranda. Det virka som at Bergsøy var på vei ut mot et lag som hadde større tempo. Men det var ikkje slutt. Gustav Pettersen scora jamnt og trutt, og Egzon Abazi var også frammpå for å redusere. Bjørnar Gundersen ordna det viktige 4-4 målet idet kampen gjekk mot slutten, og Gustav Pettersen scora 5-4 målet rett før slutt. Bergsøy hadde kontroll på ballen, men gav Stranda en siste sjanse til å utligne, men Arve Kvalsvik redda finaleplassen til sto jubel med si redning.



(Bildet: Gustav Pettersen blei KM'ets toppscorar.)


Ålesund slo Hødd i ei anna tett semifinale, noko som gjorde at Hødd måtte møte Stranda i bronsjefinala. Hødd trakk det lengste strådet med en 3-2 siger rett før slutt. Hødd kunne også fått et nytt mål i dei siste sekunda, men aleine mot keeper stoppa spelaren opp og heller venta på at klokka skulle pipe.



(Bildet: Bronsjelaget.)


Spennande finale i Herøyhallen.

Det har brukt å vore vanskelig for Bergsøylaget å kome til ei finale, det har somregel endt i semifinalene. Denne gongen gjekk det imidlertid heilt fram, og da var det berre å gi alt. Det starta igjen med et baklengsmål, som i dei fleste andre tøffe kampane. Men Bergsøy hadde en flott lagmoral, og Egzon Abazi sitt fine skudd ordna utligning. Kjetil Paulsen si beregnande skuddplassering i lengste hjørne var like vakkert, og dermed var Bergsøy oppe i en 2-1 ledelse. Idet Andre Lima ordna 3-1 så kunne vi virkelig lukte pokalfesten, men det skulle bli meir spenning. Kristoffer Grønmyr var en god spelar for Ålesund denne turneringa, og han reduserte til 3-2 på et praktfullt langskudd. Likevel, Bergsøy vart det beste laget tilslutt, og Egzon Abazi ordna enda ett av sine viktige mål idet han punkterte kampen til 4-2 via stanga.

Vi skal sjå om vi en dag seinare kan få på plass alt av statistikk, men til då så henviser vi til våre KM-sider der det no ligg over 60 bilder tatt frå turneringa. Elles kan vi nemne at Bergsøyspelarane gav trenar Odden prisen om overnatting på et Rica Parken Hotel.



(Bildet: Kaptein (finalens beste) og toppscorar.)

GRATULERER BERGSØY


Info

Første kamp spilt på Bergsøy Stadion var mot Åndalsnes i 1972. Bergsøy tapte 2-1.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::