Volda til KM på overtid
#
Og Bergsøy må betale dyrt for få dommaroppdrag.

Bergsøy har ikkje mange dommarar i sin stall, og også iår må klubben ut med en del pengar i "straff". Bergsøy må betale 11250 kroner, og er med det en av dei tre verstingane på denne statistikken ilag med Ha/no og Hødd. På den andre sida av denne tabellen finn en Valder som på si side blir belønna med 20850 kroner.

Vidare er den siste "stor-nyheta" at Volda får spele i innandørs-KM likevel. Kva SFK skriv om dette kan du lese her. "Dette har ingenting med tabba som skjedde inne i Åheim", blir det sagt. Det er sjølvsagt ikkje heilt enkelt å tru på den uttalelsen, noko vi også ser Norborg.com tvilar på. Stranda si heimeside dreg den litt lenger, og kallar dette "heilt på tryne". Volda har alltid hatt sine klare meiningar om rett og urett, og i Sunnmørsposten har vi dei siste åra ofte fått lest kva Volda meinar om både det eine og det andre. Dette er vel egentlig et bra tegn på engasjement inne i Volda. Likevel.. At regelen om at arrangørlaget alltid bør delta kjem no, og gjeld frå og med no, kan knapt kome på anna grunnlag enn at SFK har følt et visst press i det siste?



(Bildet: Volda mot Hareid inne i Åheim, kampen Volda tapte..)


Det er viktig å presisere at Bergsøy på si side ikkje har gått ut og krevd KM-plass på samme måte som Volda gjorde. Bergsøy's spelarar godtok at Åheim gjorde en feil, godtok at Åram/Vankam slo Bergsøy i en fair kamp, og har lagt ballen død med det. Sjølvsagt kunne det blitt et anna utfall om Bergsøy hadde møtt Hareid, men sånn er det. Kanskje kan det på si side igjen tolkast på mangel av engasjement frå Bergsøy si side. I det minste så ser en at inne-KM nok betyr en heil del meir for Volda enn det gjer for Bergsøy.

Volda si heimeside skriv nyheta på denne måten:

-"Då har kretsen endeleg gitt Volda ein plass i KM-sluttspelet for menn i Voldahallen 9. desember, men vinklar vedtaket inn mot at arrangørklubben alltid skal få vere med i sluttspelet om dei vil, (sjå på SFK si heimeside), og ikkje at det er som ei følge av arrangementsfeilen på Åheim. (Sjølvsagt kunne kretsen begrunna det med det også; - om dei ville!)".

Kunstgrasbane-nytt.

Mandag 4.desember blir det halde kurs i å vedlikeholde kunstgrasbane i Ålesund. Ja nettopp, også kunstgrasbaner treng vedlikehold. Vi får håpe Bergsøy både får på plass kunstgrasbana, samt at den vil bli tatt vare på. Det siste ryktet vi høyrde var at graslegginga skal skje mandag, men kven veit? Laurdag kl 10 er det varsla dugnad, les meir om det på A-lagets side.



(Bildet: Bilde tatt på torsdag med mobilen.)


Anna nytt.

* Hareid si heimeside kjem med nyheta om at Ronny Jørgensen har blitt pappa. Sambuaren Cathrine Horn fødte ei jente. Vi grattulerar! 




★ Kampreferat med bilde
☆ Kampreferat uten bilde


Kampreferat
2010


2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

1999

1996

1995

1994

1993




11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.




:: HISTORIKK.com ::