Søndagens helgatørning
#
Vi har tatt endel nye bilder av kunstgrasområdet, og også har sett på nokre aktuelle plassar å plassere Olav-statuen på.

Kunstgrasbana vil bli noko Herøy Kommune og Bergsøy kan være veldig stolte av, det er iallfall det vi både trur og håpar. Vi har tatt bilder av området sidan første spadetaket i mars, og også før den tid, men det er tida no som er den mest spennande å følge med på.

Men først ei runde med andre nyheter.

Det er på tide med treningar igjen, og mandag er det trening i Huldalen kl 1800. Elles meldast det at puljene i Inne-KM (sluttspel A-lag) har kome på plass, det kan du lese på Norborg.com. I Spjelkavik blir det jobba med ei annleggsgarasje til kunstgrasbana, dette kan du lese om på Spjelkavik sine heimesider. Inne på Stranda si heimeside finn vi idag en video som en ifølge heimesida skal "nyte", elles meldar sida at det seinare idag vil kome ei vurdering av årets sesong samt blikk fram mot den komande. På Hødd si heimeside kan vi sjå at planeringa av grusbane er igang.

Vi benyttar anledninga til å grattulere Stian Zahl og Aleksander Dahle med uttaket til "Bylaget - Ulstein Gutter (født 92)". Samtidig må vi grattulere Lovise Frøystadvåg som blei utatt til "Bylaget - Ulstein Jenter". Begge laga spelte igår og idag. Igår (laurdag) blei resultata av kampane slik:

Kl 10:00 Ålesund - Ulstein Jenter resultat: 1-1
Kl 11:00 Ålesund - Ulstein Gutar resultat: 0-0

Idag spelte Ulstein sine lag mot Kristiansund sine lag. Vi er usikre på korleis dette endte. Meir informasjon om desse uttaka og kampane kan du finne på Sunnmøre Fotballkrets sine heimesider.

Bergsøy Kunstgrasbane.

Vi tok ei lita runde idag for å dokumentere den siste framdrifta til kunstgrasbana. Både fredag og laurdag var det mykje vind og dårlige forhold, og det har gjort at det ikkje har kome så mykje lengre enn sist vi tok bilde. Kameraet blei tatt i bruk likevel, og nedanfor kan du sjå to panoramabilder og fleire andre bilder.

(Bildet: Dagens panoramabilde av kunstgraset. Trykk på bildet for å få det opp i større format.)

Vi gler oss sterkt til vi får sjå lysmastrene på plass, og er spente på kva lys dei utstrålar. På tribunesida blir det også spennande å sjå korleis benkane blir sjåande ut. Etter det vi veit så er det telefonstolpar som skal bli hugde for å lage benkar som skal bli plassert på langsida der en no finn den fint sådde grønne haugen. Det vil nok bli ei meir "personlig" tribune enn det vi finn ved grasbana. Endelig kan tillskuarane også få smake på flisa.

(Bildet: Dagens andre panoramabilde av kunstgraset. Trykk på bildet for å få det opp i større format.)

En ny traktor er på plass. Denne er planlagt å bli nytta både til grasbana og til kunstgrasbana. Traktoren har også hus, noko som gjer at vedlikeholdet av banene kan gjerast noko meir behagelig sjølv om det er noko vind og regn. Ved bruk på grasbana er en likevel avhenging av et visst forhold, ettersom det ikkje er så gøy å spele fotball om det er djupe traktorspor på kryss og tvers. Vi vil kome tilbake med meir informasjon og bilder av traktoren etterkvart.

Fleire bilder frå området.

Vi har kome ca 9 månadar inn i arbeidet no, og det er liten tvil om at vi tilslutt vil ende opp med et fantastisk anlegg. På vår kunstgras-side finn du bilder av heile utviklinga, frå det første gravmaskintaket 1.mars iår. Foreksempel kan en sjå panoramabilda ifrå 19.mai og 30.september og sammenligne desse med dagens panoramabilder. Nedanfor er dei resterande seks bilda vi tok av kunstgrasområdet idag.


Bergsøy KGB


Bergsøy KGB


Bergsøy KGB


Bergsøy KGB


Bergsøy KGB


Bergsøy KGB


Den mykje omtalte statua.

Dei som ikkje har fått det med seg, dei har nok ikkje lest nyhetene så veldig grundig siste uka. Oslo ville ikkje ha ei kong Olav statue som kunstnaren Knut Steen hadde brukt 6 år på å lage. Begrunnelsen var blant anna at arma var for tykk, og at Olav ikkje akkurat såg så vennlig ut. Andre kunstnarar har i ettertid påpeika at personane som står under Olav på statuen ser mer ut som et bombebelte. Herøy Kommune med ordførar Arnulf Goksøyr i spissen gjekk deretter ut i media og sa at statuen var velkommen til Herøy. Bergsoy.com veit at Olav var en svært sportsintressert herre, og vi har sett på endel mulige alternativ til plassering.

* I sandvolleyball-bana. Kva kan vel være bedre enn å plassere den friske Olav-statua i sandvolleyballbana? En plassering som vil sprite opp et allereie flott aktivitetsområde, og som vil underbygge statusen Olav hadde som folkets konge. Olav ser også ut til å være klar til å utføre en solid smash slik statuen er laget.


(Bildet: Herøy har fått ei ny flott beachvolleybane, og slik vi ser det så er dette en flott plassering)

* Oppe på Heid. Statua er sjølvsagt flott, men kvifor ikkje nytte den til noko meir praktisk også? Vi har fått på plass gjerde rundt bana, men fortsatt er det ballar som blir skotne høgt og langt. Ved praktisk bruk av Olav-statua så kan fleire av desse ballane stoppast. Om dette kan bli aktuelt kan en i neste fase vurdere om en kan få montere på baseballhanske på handa og eventuellt ein hjelm på statuen.

(Bildet: Oppe på Heid kan statuen også få meir praktisk betydning.)

* Bergsøy KGB. Vi har manipulert litt, og dette ser ut til å kunne bli ei fantastisk plassering for statuen. Det er et kjent faktum at Bergsøy gjerne skulle hatt fleire på tribuna, og med Olav på plass så vil fotballspelarane alltid få følelsen av at det er nokon som ser på kampane. Med ei plassering omtrent ved midtstreken så ville statua være synlig frå lang avstand.

(Bildet: Statua kan bli krona på verket når kunstgraset blir ferdig.)

Det gjennstår å sjå kva Olav-statua endar. Men vi har god grunn til å tru at Herøy ligg godt ann til å kapre den på free-transfer med tanke på vår kommune sine fantastiske muligheter.


Info

I 1979 spelte Bergsøy cupkamp på Bergsøy Stadion mot Rosenborg. Asbjørn Myklebust scoret, men trønderne vann 1-3.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::