Gursken vann turneringa igjen
#
Gursken slo til igjen

Gursken vann igjen. Dei var kvikkare, og hadde bedre balanse enn dei andre laga som hadde møtt opp til turneringsdyst. En verdig vinnar, som ved bruk av godt teknisk spel underholdt publikum. Men det skal seiast at Ulstein FK var nærm på å vinne over Gursken i semifinalen.

Nedanfor her finner du 25 bilder frå årets romjulsturnering. Du kan trykke på bilda for å sjå dei i større format.


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Gursken slo Team of Carraghers med 5-1 i finalen, og kampen blei etterkvart meir som ei parade sett i forhold til den meir dramatiske semifinalen mot Ulstein FK. Ulsteinlaget var nemnlig i føringa i nesten heile kampen mot Gursken i semifinala, men gurskingane redda kampen til ekstraomgangar og goalden goal med utligning kort tid før slutt. Like dramatisk skulle det avgjærande målet kome. Tida var muligens ute før Gursken fekk frispark, og diskusjonen gjekk mellom sekreteriat og dommer, men Gursken fekk æra av å ta det siste sparket på ballen likevel. Johnny Moltubakk var en av turneringas mest dominerande skikkelsar, og han satte ballen klin i krysset. Gursken til finale.


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Team of Carraghers med Oddmund Waagsholm i spissen fekk det lettare i semifinalen mot Sacre Blanc. Harald Åsland Riise utnytta en forsvarsglipp til 1-0, mens 2-0 kom på et frispark. Carraghers, også med Dag Roar Ørsal og Ronny Jørgensen i troppa, klarte å stresse Sacre Blanc til å ikkje få til godt spel. Sacre Blanc med spelarane David Molnberg, Frank Skorpen, Ulrik Wingsternes, Ove Kvalsvik, Roy Igesund, Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Arve Kvalsvik, Knut Peter Sævik, m.m, produserte lite sjansar denne kampen. Laget skulle likevel kapre bronsjen med en overbevisande siger mot Ulstein FK.


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Det var fleire lag som fekk vise seg fram, og Tjørvåg var eitt av dei. Preben Hestad, Per Ståle Nykrem, Jarl Åge Wågsholm og Curt Åge Hauge danna kjerna i laget som måtte ta tapt mot Sacre Blanc i kvartfinalen. Denne kampen var jamn heilt til det siste, før David Molnberg fekk inn det avgjerande skuddet minuttet før slutt. En må kunne seie at Bergsøy-laga ikkje akkurat overbeviste, men det viktigaste er sjølvsagt å delta. Laget Reit-Im-Winkel med spelarar som Anders Per Wågsholm, Bjørnar Gundersen, Kjell Alfred Otterlei, Tommy Remøy m.m klarte ikkje å hevde seg i turneringa. Det seier muligens litt om årets bra nivå på laga i hallen.


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06


Romjul 06

Johnny Moltubakk frå Bergsoy.com sin pris som årets spelar, og også prisen for årets mål. Årets mål er sjølvsagt vanskelig å kåre, også fordi at det var fleire gode langskudd. Men Johnny sitt mål mot Sacre Blanc var ikkje prega av tilfeldigheter idet han tok to tunellar på vei mot mål før ballen gjekk i nota. Prisen frå vår side er uoffesiell, og vi har desverre ingen pokalar å gi ut.

Brannalarmen gjekk i semifinalen mellom Ulstein og Gursken, ifølge sekreteriatet grunna et skudd som lukta svidd. Elles var det mange på tribunen som la merke til uttalelsane om at Gursken uansett hadde gått til finalen om ikkje dei hadde fått mål på goalden goal. Sekreteriatet oppga at Gursken uansett hadde gått til finalen på bedre målforskjell. Vi håpar dette er feilinformasjon. Rykta på tribunen skulle også ha det til at finalen eventuellt kunne bli avgjort på loddtrekning om den hadde endt uavgjort. Slik skal det sjølvsagt ikkje være i ei turnering for voksne lag. Ingen kvartfinale eller semifinale bør bli avgjort grunna målforskjell i gruppespelet heller. Berre så det er klart til neste års turnering.

Tidsmangel gjer at vi ikkje får tid til meir no før nyttår. Vi hadde planlagt å legge ut en Romjulsturnerings-film, men dette blir på nyåret en gang.

GODT NYTT ÅR!


Info

Første seier Bergsøy hadde på Bergsøy Stadion var i en 3-2 kamp mot Ørsta i 1972



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::