Kampinfo fra alle A-kampar

Historikk.com kampreferat

Historikk.com har no 100% dekning av alle Bergsøy A-lag sine 1371 obligatoriske serie og cupkampar sidan 1952 og fram til idag (30.01.2021).

Dette vil seie at kvar einaste obligatoriske A-kamp har si eiga side med kampreferat her på vår side, som du finner ved å velge kamp i høgremenyen eller ved å gå inn på Vår komplette kampliste 1952-2020.



Endelig har vi komplett kampliste

Det starta å bli lenge sidan vi så smått laga til dei første kampreferata i 2002.


Målet var å samle alle Bergsøy sine obligatoriske kampar som kampreferat, og på den måten finne fram historia og statistikken til klubben. - Idag nådde vi ett av måla. Vi har på plass kampinfo av samtlige Bergsøy sine obligatoriske A-kampar sidan første kamp i 1952.

Vi mimrar tilbake til 2002 da vi starta heimesida Bergsoy.com, og ser tilbake på intervjuet Vestlandsnytt hadde i 2005 og Sunnmørspostens notis om vårt historikk-arbeid fra samme periode. Rett og slett for å minne oss på at dette er en gledens dag. Det har tatt lang tid å kome hit.

01.10.2002 starta eg Bergsoy.com, og det skulle altså ta 19 år før målet med å få på plass alle kampreferat blei nådd. Historikk.com har no over 1400 kampreferat.

Kamplista vår ser no slik ut. Og den er ENDELIG KOMPLETT!!


Sjølve kamplista har også fått ei visuell overhaling. No ser en med et raskt blikk kva tid formperiodene til A-laget har vore, ettersom vi har gitt seier, uavgjort og tap ein eigen farge. Ser en kamplista i 2002 vil en sjå ein nærmast heilgrønn sesong, mens ser en på 2005 vil en sjå at det er 9 raude resultat på dei første 10 seriekampane. Dette gjer det også lettare for oss å lage statistikk på foreksempel formperiode, flest tap på rad, flest sigerar på rad etc.

Kampreferata er og har alltid vore grunnmuren. No har Historikk.com ein solid grunnmur å bygge vidare på. Ganske mange av kampreferata skal bli forbedra, både med bilder og tekst. No følast det lettare, nesten som en lettelse. No har vi ikkje 60 eller 80 % dekning av kampane. Vi har 100%. Alle. No er det ikkje lenger stress med å ta igjen 68 år med A-seriespel - for no er vi endelig ajour. Fokuset no blir å forbedre det som allereie er laga.
Arbeidet vidare
Arbeidet vidare pågår for fullt. Idag var vi på bibliotek i Ålesund og gravde oss inn i historia på jakt etter ny informasjon. Det blei endel timar i det som kallast eit mikrofilmapparat, som kort sagt kan seiast å lese gamle aviser som lysbilde fordi dei ikkje har blitt digitalisert.

Og timane med å sjå lysbilder gav nokre resultat. Vi fann fleire målscårarar nemnde i Sunnmøre Arbeideravis (SA) som ikkje hadde blitt nemnde i Sumpen/Vestlandsnytt. Dette vil sjølvsagt kome på plass etterkvart, og arbeidet fortsetter med å få alt så komplett som det er mulig å få til.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat