Tekst og bilder:
Reportasjer - Fotballens dag
#



Artikkelen nedanfor (kanskje ikkje 100% identisk) var også å finne 1.november i Vestlandsnytt.

Då Bergsøy Idrettslag baud inn til Fotballens Dag i Herøyhallen søndag, strøymde det til med folk slik det aldri før har gjort i arrangemangets historie. Og at det var fullt i benkeradane i idrettshallen, var med på å kaste ekstra glans over BIL-fotballens festdag, og det vart ikkje spara på applausen då spelarane marsjerte inn i fargerike drakter og med smila på plass.

I løpet av dagen fekk både små og store spelarar høve til å vise seg fram på parketten, etter det som har vore ein jamnt god sesong. A-laget sleit ei periode, men etter ei knallsterk avsluttning sikra dei seg ny kontrakt i 3.divisjon i siste runde. Også laga i dei aldersbestemte klasser har hevda seg godt, og det lovar bra for framtida. Det største problemet no er banemangelen, men det vil løyse seg sjølv når den etterlengta kunstgrasbana kjem på plass, vonlegvis i løpet av august-september.

Fotballens dag er en dag for heider, og iår var det Preben Hestad som vart synt den største æra då han blei kåra til Årets spelar, og fekk overrekt ein vakker blomebukett og ein gavesjekk på 1500 kroner av fotballformann Terje Lima. Veteranen har vore ein motivator for dei yngste på laget og ein pådrivar når laget trengte det mest. Han er også toppscårar for Bergsøy denne sesongen, og står notert med nest flest mål i 3.divisjon avdeling sunnmøre.




1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat