Tekst og bilder:
Bergsøy feirar 25 år
#



Bildet: Til venstre får Sigmund Paulsen overrekt pokal av klubbens formann K reite, mens til høgre står Asbjørn Myklebust og O. Goksøyr. Markeringa av 25 års jubileummet blei ei stilfull høgtid. Og det blei endel tilbakeblikk på åra som hadde vore.

Peder P Worren som var med på å ta initiativet til skipinga av laget greidde på ein intressang måte å fortelle om dei fyrste åra i klubbens soge. Initiativtakaren til å starte et idrettslag var Andreas Sævik som i 1944 kom attende til heimkommuna etter å ha vore i Finnmark. Sævik hadde no på festen flytta til langesund og kunne desverre ikkje kome. 4.oktober 1944 var det innkall atil skipingsmøte i det nye forsamlingshuset som en no høgtida jubileumet i. Det synte seg å være stor interesse, og dermed blei Bergsøy Turn og Atletklubb stifta.

Sævik som hadde vore nord-norgesmester i boksing i si klasse i fleire år, fekk etter kvart mange med seg på treningane. En del av karane blei litt for sterke, og ville vise styrka til dei andre. Dette skapte misnøye, og en gjekk vekk ifra denne idrettsgeina og gikk over til gymnastikk. Samme vinteren arrangerte Bergsøy Turn-og atletklubb sitt første og siste skirenn med løype rundt Myklebustvatnet. Dei fleste av deltakarane tok det for hardt, og fleire fekk fullstendig kallops ved mål. Hopprennet som skulle være samme dagen regna mest bort.



(Bildet; Jon Ertresvåg (senterhalv på kretslaget i 1950åra og seinare Hødd) , Kjartan fagerlund og Oskar Waage)

Utpå sommaren 1945 vakna interessa for fotball. tilhaldsstaden var skoleplassen på Myklebust. Interessa var så stor for fotball at naboane fann å måtte klage til skolestyret om treningane strekte seg lenge utover dei små timar. Det hende ofte at det ikkje vart slutt før i 02-03 tida om natta. På det første årsmøtet i 1945 vart det for alvor drøfta om en skulle bygge fotballbane. Ei namnendring blei også aktuell. Og frå dette årsmøtet har namnet vore Bergsøy Idrettslag.



(Bildet; Diverse bilder fra en sketch)

Banespørsmålet blei løyst ved at et prosjekt som på reguleringskartet i Huldal var avsett til idretsføremål blei kjøpt. Hausten 1946 vart det der teke veiter på kryss og tvers under heile anlegget. Dette blei gjort på dugnad og med kun manuell arbeidskraft. Samstundes frista ein på alle måtar å f¨å inn pengar til finansieringa. Slagg til fyllamasse fekk ein ifrå Voldnes og grus og leire frå Torvik. Dei første måla var 45 x 90 meter og bana sto klar i 1951.



(Bildet; Bassar spelar musikk)

Dermed blei laget meldt inn i kretsen og teke opp til 3.divisjon som da var den lågaste divisjonen. Den første sesongen blei faktisk klubben krinsmester, og med på dette laget var; Nils V Pettersen, Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Peder P Worren, Ola Goksøyr, Petter J Pettersen, Knut Nilsen, Finn Voldnes, Jan Vinge, Erik Løfoll og Sverre Botn. Dei syv første av desse var på jubileumsfesten.



(Bildet; Bilder av gjestane på festen)

Så over til festen. Frantz G Frantzen var toastmaster og konfranseier og dirigerte det heile på en elegant måte, med dommarfløyte. Økonomien var ikkje så veldig god, så gjestane måtte betale litt for at festen skulle kome på plass, men det gjorde dei med glede. Bjørn Prytz heldt den spirituelle talen for damene, og ig Peter Pettersen (Pit) fortalde levande om korleis han opplevde ein av dei første kampane laget hadde, på Vartdal då Knut Nilsen scåra et mål.


(Bildet; Peder P Worren skipa laget, og fekk pokal fra Knut Reite som no var formann. Bilde 2; Paulsen med pokal og Knut Reite.)

Elles må det nemnast at siparen av laget Andreas Sævik fekk ein vakker sølvpokal som et minne med stor takk. Det blei delt ut mykje sølv til Bergsøy-medlammane. Følgande fekk diplomar; Leif K Pettersen, Steinar Stenersen, Harald Arnesen, Nils Nilsen, Jan Karsten Myrhol, Egil Leikanger, Petter j Petteren, Ingvald Stenersen, Kjell Karlsen, Andreas Kvalsund, Jon Helge Kvalsvik, Kjetil Reite, Jan Winge, Erik Løfoll, Odd Berge, Kolbjørn Wickstrøm, Kjell Almestad, Frank Frantsen, Asbjørn røsås, Edmund Notøy og Eldar Eilertsen.


(Bildet; Mange pokalar utdelt)

Enkelte spelarar hadde spelt over 50 kampar og fekk statuettar; Peder P Worren, Petter Homlong, Paul Brekke, Knut Igesund, Ronald Moen og Asbjørn Myklebust. For 75 kampar fekk Oskar Wåge, Kjartan fagerlund, Jon Ertresvåg og Petter Sperre statuettar.



(Bildet; Mer bilder fra sketcher)

Asmund Myklebust og Ola Goksøyr fekk sølvpokalar for 100 kampar, Gunnar Kjelstadli og Sverre Botn for 125 kampar og Sigmund Paulsen for 150 kampar.







★ Kampreferat med bilde
☆ Kampreferat uten bilde


Kampreferat
2010


2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

1999

1996

1995

1994

1993




11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.




:: HISTORIKK.com ::