Tekst og bilder:
Reportasjer - Klubbhuset
#



På denne sida får du et overblikk over diverse framgong som har skjedd med Klubbhuset.

Malingsdugnad del 2

22.09.06: Heile A-laget møtte opp i Huldalen for å male andre strøket på Klubbhuset. Det tok etpar timar før arbeidet blei ferdig utpå kvelden.


(Bildet: Jonny Leikanger og Steffen Moltu ivrige med å kome igang.)


Det hadde vore litt diverse med oppmøte på det første strøket, så til denne andre malingsrunda så var det møteplikt for heile troppen. Det er også slik det bør være, da belastninga ikkje går på samme personane gang på gang.


(Bildet: Børge Remøy har klartra opp på taket.)


Det var ikkje mykje variasjon, ettersom alt skulle bli kvitt. Kostane fauk i alle retningar, og jobben blei vellykka.


(Bildet: Trenar Svein Haukås var ikkje redd for høgde.)


Malingsdugnad del 1

10.09.06: Klubbhusets gule dagar held på å forsvinne. Spelarar har både laurdag og søndag fått kvitfarge på veggane, og det første strøket er bortimot ferdig på den synlige sida av huset.

Klubbhuset i Huldalen har stått i området sidan 1988. Vidare har klubbhuset sjølvsagt gått gjennom nokre forandringar, og det er heller ikkje lenge sidan det kom på plass ei ny og fin tribune i dette området. Den siste dugnaden dreier seg om maling. Ikkje den aller største revolusjonerande forandringa med andre ord, men nok til at det vil bli merka.


(Bildet: Slik såg klubbhuset ut tidligare idag..)


Laurdag var en gjeng på plass for å male det første strøket på muren, og idag var det sjølve veggen som skulle dekkast med kvitmaling. Den gule fargen forsvann meir og meir, og då klokka var omtrent 17 idag så var det ikkje mykje gulfarge igjen.


(Bildet: En må rigge til slik at en kjem fram med malinga alle plassar..)


1988: Klubbhuset snart ferdig



Kåre Botn og Asbjørn Myklebust har vore dugnadsleiarar for det nye fine klubbhuset så langt.

Bergsøy IL har i mange år lide av mangel på et tidsmessigt garderobehus i Huldanen. Draumen om eit nytt og romsligare hus har stadig vorte skyvd i tid grunna den økonomiske situasjonen i fotballgruppa. I fjor vart draumen omgjort til røyndom, klarsignal blei gjeve, arbeidet sett igong. Tilsagn om tippemiddel låg føre, og kostnadsoverslag og finansieringsplan blei vedteke av hovedstyret i Bergsøy IL. No har arbeidet kome så langt at stendarane til delingsvegane i fyrste etasje er oppsett, og det er klart for den vida innreiinga.

Primus motorar for dette dugnadsarbeidet har vore Asbjørn Almestad og Kåre Botn. Begge med mange år i aktiv tjeneste for Bergsøy IL.

-"Det er klart at det er et enormt lyft for klubben. Imidlertid så er dette et annlegg som idrettslaget sjølv eig, og skal fotballen vekse både i breidde og topp så er vi nøydde å utvikle dette annlegget. Ikkje minst vil dette annlegget ha betydning for det sosiale innanfor fotballgruppa. Kostnadane vil nok halde seg på rundt 700 000 kroner, noko som er i tråd med planen. Vi fekk et lite sjokk da vi ikkje fikk utbetalt tippemidler, noko vi såg det som sikkert at vi fekk. Men med stor velvilje fra laget har det blitt funne løysinger.





Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::