Tekst og bilder:
Inne-KM 2004
#



Da er nok et KM i Herøyhallen ferdig arrangert, og nok en gang ser det ut til at alt gikk ganske smertefritt. Mange skal ha en del av æra, men det første namnet som kjem opp er Inger Anne Sævik som har jobba hardt for å få alt til å gå som det gikk. Anita Kvalsund møtte opp og gjorde en stor innsats. Alle som deltok i sekretæriatet, og dei som stillte opp ved kiosksalg og rydding har sin del av æra. Dommarane som dømte kampane sto på heile tida. Vi må kome mer tilbake med detaljane og namn etterkvart.

For å seie litt om heimesida si dekning så har det ikkje vore mulig med så god dekning som dei fleste ønsker på oppdateringsfronten. Jeg som Webmaster spelte sjølv store delar av lørdagen, og oppdateringar har dermed kome mest i etterkant av at alle kampane har vore ferdigspela for kvar dag. Interessa har vore merkbar, med nesten 200 stykke unike treff søndagen og over 10-12 personar inne samtidig på heimesida. NY rekord!! Desverre har jeg ikke kunne tillfredsstillt alle desse som raskt ville vite korleis det gikk med sitt lag. Pr idag kan jeg heller ikkje love at det kan bli bedre på live-oppdateringer, da må det i tillfelle kjøpes bærbar datamaskin.

Ingen Bergsøylag gikk vidare, Bergsøy1 gikk på en smell mot Blindheim i den aller første kampen. Tiltross for seier over Volda var det likevel Volda som gikk til sluttspelet med ett mål bedre målforskjell. Volda måtte vinne med 12 mål over tjørvåg for å gå til sluttspelet, og dei vann 15-3. Det hjalp altså ikkje at Bergsøy prøvde å heie fram Tjørvågarane, men Tjørvåg gjorde sitt beste. Volda var det einaste laget i turneringa som stillte med en utekeeper/sweeperkeeper. Dette gjorde at dei ofte kom i fleirtal angrepsmessig, og det var en av årsakane til suksessen. Blindheim overraska positivt i gruppa, men det holdt ikkje heilt til mål. Tjørvåg fekk en seier mot Åheim som stort sett gikk på store tap elles.

Bergsøy2 klarte heller ikkje å gå vidare. Det blei tre strake sigrar først, men Hareid blei for sterke i den siste kampen. 10-1 til Hareid tilslutt var mykje, og det beste laget gikk fortent vidare. Bergsøy virka kjørde før det nesten hadde starta. I gruppe 3 var det spenning om vartdal eller Langevåg skulle gå vidare. Dei spelte uavgjort 2-2 mot kvarandre, og Vartdal hadde gått vidare på målforskjellen om dei hadde slått Åram. Åram gjorde et godt inntrykk og vann den kampen 6-1, og dermed var Langevåg vidare.

Pulje 4 var dødsgruppa, med Hødd, Spjelkavik og Ørsta som dei store favorittane. Men Gursken/Larsnes slo Hødd med 4-3 i opningskampen lørdag. Hødd hadde ingen innbyttere, ei lita skandale at den største klubben i distriktet ikkje klarer å stille lag i ei slik turnering. Hødd tapte også mot Spjelkavik i siste sekund, og Spjelkavik gikk tilslutt vidare etter seier over Ørsta. Ørsta var imidlertid lenge vidare da dei kun trengte uavgjort, men Spjelkavik fekk inn det avgjerande målet mot slutten.

I begge dameseriane var det liten tvil om kven som skulle gå vidare. Ørsta/Volda cruisa gjennom med kalassiffer og slo blant anna Bergsøy/Hødd2 med 11-1. Det var litt jamnare i den andre gruppa, men Hødd/Bergsøy 1 klarte seg greit og slo deriblant Hessa/Fortuna to gangar med 3-1.


Ørsta mot Hødd


Ørsta mot Hødd


Spjelkavik i aksjon.


Bergsøy mot Blindheim


Ørsta mot Spjelkavik


Bergsøy2 mot Gjerdsvika.


Sæbø mot Herd





Info

Første kamp spilt på Bergsøy Stadion var mot Åndalsnes i 1972. Bergsøy tapte 2-1.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::