Tekst og bilder:
Okeke på besøk
#



Bildet: Ein nøgd gjeng, frå venstre Knut Teige, Aham Okeke, Terje Lima og Roger Kvalsvik

Dei hadde sikkert ynskt at det skulle vare lenger, gutelaga og friidrettsutøvarane til BIL då dei fekk ein heil kveld med toppsprintaren og Norges raskaste mann Aham Okeke i Herøyhallen torsdag.

Det er ikkje lenge sidan sprinteren var på besøk sist, og då likte han seg så godt at han like gjerne takka ja til å kome tilbake. Denne gongen var det ikkje berre friidrettsgruppa som fekk trene med løparen, men også BIL sit guttelag. Å ha fart i beina er viktig også i fotball. Det er ikkje nok med teknikk.

Og Aham Okeke hadde mykje bra å lære fra seg. Gode treningsmetodar for reaksjonsevne, stegteknikk og spenst var mellom det han hadde å bidra med denne gongen. Sprinteren sprinta bokstavleg talt rundt i Herøyhallen og verka å ha utømelig energikilder å ta av. Men det var ikkje fritt for at elevane hans kjende det både her og der etter ei krevjande men spennande lærerik økt.


(Bildet; Opp med beina!)

Då okeke sjølv demonstrerte sin løpsteknikk over diagonalen i hallen gikk det styggfort, og det var nok til å ta motet av kven som helst. Men det ligg tross alt mange år med beinhard trening bak, og slik sett burde demonstrasjonen heller verke som inspirasjon for dei unge og lovande utøvarane.


(Bildet; Motstandsløp)





Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::