Tekst og bilder:
Titt på Romjulscuppen 2005
#



Det er ikkje lenge til årets store innendørsturnering som skal gå av stabelen 27. og 28.desember, og årets turnering har mange godbitar å by på. 13 lag skal kjempe om den store æra, og her presanterer vi kvart enkelt lag. Den einaste store skuffelsen er at Gjerdsvika og Tjørvåg ikkje melde seg på iår, 2 lag som tradisjonellt har ført med seg en stor gruppe besøkande, men det er inga tid for å deppe ettersom nivået på dei andre laga ser ut til å være av god kaliber.

Publikum skal få kose seg med et teknisk "stjernespekka" Gursken med Magnus Myklebust, Anders Vaagen og Johnny Moltubakk, mens lokale stjerner i laget Team Paulsen/Frantzen nok vil stille opp med like publikums vennlig fotball. Laga blir presantert nedanfor, merk at nummereringa ikkje nødvendigvis betyr sluttplassering i turneringa.

Dream Team (1981 laget)



Jørn Magnussen og Perry Nilsen var suksesstrenarar for 1981 gjengen som blei kretsmesterar som siste års gutte. No er trenarane og nokre av spelarane klare for å gjære comeback i Romjulsturneringa. Nokre av spelarane burde være kjende for publikum, som Christoffer D Nilsen, Steffen Kvalsund, Pål Andre Nerland. Kven som har tid til å stille er enda litt uklart, Eivind Sæther har meldt forfall på bakgrunn av at han er i Brazil. Atle Vegard Goksøyr Magnussen og Robin D Nilsen burde være klare for dyst. Som keeper håper vi endten Morten Reite eller Øystein Nøvåg har tid til å stille (eller begge).



Team Paulsen/Frantzen


Fred Frantzen


Trond Paulsen


Trond Paulsen står som ledaren over et lag som ganske sikkert vil bli frykta av motstandarane, men godt likt blant publikum. Det er mange gode fotballspelarar å ta av når det er snakk om Paulsen og Frantzen navna, og dette laget vil ha stjerner som Fred Frantzen, Rune Frantsen, Kjetil Paulsen, Nils Roger Paulsen, Øvind Paulsen, Frantz Frantzen, og Svein Gunnar.



Mada Mada Dane


(Bildet; Kristian Waage til venstre spelte kampar for Bergsøy i 2003)

Glenn Erik Valø er sjefen over Mada Mada Dane, som består av spelarar fødde i 1984. Enkelte av desse har spelt på A-nivå tidligare. Vi kan nevne navn som Kristian Waage, Tommy Remøy, Marcus Johannesen, Kay Henning Higraf, og Glen Erik. Heilt sikkert et lag som ikkje er påmeldt berre for å bli rundspelte, og vil nok halde et bra sportslig nivå også dei.



Gursken


(Bildet; Anders Vaagen og Johnny Moltubakk smelta nokre fotballhjerter i Bergsøy i sesongen 2004)

Dette laget frammstår som en av dei store favorittane, mykje grunna Johnny (2.div med Træff), Anders (1.div med Hødd) og Magnus (Eliteserie med LSK). Alle er gode innendørsspelarar slik gursken ser ut til å ha en vane for å oppfostre. I tillegg må det ikkje undervurderast dei andre som er i troppen. Meir om dette laget kan du lese om du trykker her.





Sacre Blanc

Kva lagnavnet betyr er vi usikre på, sjølv etter et søk på søkemotoren Google. Det vi veit er at Knut Peter Sævik blir en av dei store stjernene på laget. Kven andre som vil spele på Sacre Blanc veit vi ikkje, så det kan være farlig å avskrive dei foreløbig.



Bergsøy 6.div


(Bildet; Bergsøy sitt lag i Sandecuppen 2004.)

Dette laget er nok sjølvforklarande og vil være komponert av Bergsøy sine største stjerner på B-nivå. Ingolf Leikanger stiller nok som trenar, og vil være ute etter å revansjere finaletapet frå ifjor.





Lokomotiv Oslo



Arthur Garnes er oppført som den store sjefen for dette laget. Og for et lag! Mange tidligare stjernespelarar på Bergsøy, som Ronny Reite, Endre Rudolfsen, Vegard Fiksdal, Vegard Sævik, Anders Per Vågsholm, Frank Haraldsvik og Lasse Myrhol. I tillegg er nok fleire andre kjente fjes med i troppen, men vi får berre vente å sjå. Kven sa at Romjulsturneringa iår blei kjedelig uten Gjerdsvika? Ikkje Bergsøy Fotball Heimeside iallfall.



Bergsøy Junior


(Bildet; Bilde tatt under en juniorkamp iår, med trener Odden Seljeseth i fokus.)

Juniorane har hatt en god sesong bak seg, og har mange talent som er ivrige på å få vise seg fram. Litt svekka kan dei kanskje bli om det er slik at dei elste juniorane skal spele på A-laget, men det får tida vise. Uansett har juniorlaget alltid ytt god motstand i romjulsturneringa, sjølv om dei enna ikkje har nådd opp blant dei beste.



Flø


(Bildet; Oddbjørn seljeseth i handbak med Vegard Sævik..)

Tidligare Bergsøyspelar Oddbjørn Seljeseth, son av Odden Seljeseth, vil være på plass når Flø nok en gong skal prøve seg i Romjulsturneringa i Herøyhallen. Flø har vel aldri nådd heilt opp, men kjenner vi ambisjonane til Oddbjørn rett så blir lista lagt høgt også denne gang.




83 all stars

Også i 1983 blei det fødd nokre fotballspelarar, og enkelte av desse har organisert seg i laget 83 all stars. Den mest kjende av desse er nok Mats Inge Teige (bildet) som til vanlig er å rekne med på A-laget til Bergsøy. Elles veit vi lite om nivået på dei ytterligare spelarane, men har en viss anelse om at dette laget kan få det tøft.



Moltu


(Bildet; Her er et av mange bilder du finn av Moltufjella i reportasjearkivet..)

Stian Tarberg står oppført som sjef for det som trulig er A-laget til Moltu. I likhet med Flø har Moltu til gode å fått napp i pokalen i Romjulsturneringa dei siste åra, så vi reknar med at dei stiller sugne på å vise seg fram.



og Larsnes/Gursken 1 og Larsnes/Gursken 2

Vi tek og presanterer begge desse laga i samme slengen, årsaken er at det er lite vi veit om dei. Det er nok en del karar frå Larsnes og gursken skulle vi tru, så får vi vel berre vente i spenning og sjå kva dei har å stille opp med. 4.divisjonslaget skal ikkje undervurderast.



Bergsøy A-lag

(Bildet; Bergsøy A-lag vann turneringa ifjor..)

Bergsøy A-lag er sjølvsagt på plass og skal prøve å forsvare tittelen frå dei to siste åra. Laget iår vil bli coacha av Preben Hestad og Svein Haukås, og spelarar som Per Ståle Nykrem, Preben Hestad, Steffen Kvalsund, Christoffer D Nilsen, Steffen Moltu, og Toni Sandanger er blant dei som du heilt sikkert får sjå på dette laget.

Kampoppsett er ennå ikkje klart, og vi legger dette ut så snart som vi får tak i det. Tilslutt gjenntek vi om reglane for årets turnering;

To ting som blir presisert foran årets turnering er at lagenes spillerlister skal leveres før første kamp, og at spillere ikke kan spele på mer enn ett lag. Vi nevner det sjølv om det skulle være unødvendig; romjulsturneringen opererer med vanlige regler for innendørsfotball, og de tre beste lagene blir premiert. Elles minner vi om at de som har fått utdelt loddbøker må levere disse inn så fort som mulig. Loddtrekningen vil skje 4.desember. Som en liten ekstra notis nevner vi at A-lagets treninger ser ut til å starte opp igjen, kanskje allerede rett over helgen. Et møte skjer ikveld, og vi vil kome tilbake når vi vet noe mer.


Info

Første gangen Bergsøy kom til 3.runde i NM-cup var i 1976, etter å ha slått Hødd 2-0 i 2.runde.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::