Tekst og bilder:
Romjulsturneringa 2004
#



Teksta er en delvis kopi av Steinar Eggesbø Hagen sitt geniale verk;
Ikkje uventa var det Bergsøy sitt på førehånd beste lag som vann årets Statoil Cup i Herøyhallen denne gangen. I finalen vann Bergsøy a1 6-4 mot årets overrasking, Bergsøy sitt 6.divisjonslag. Som i EM i Portugal sommaren 2004 var motstanderlaga i opningskampen og finalen identiske. Men i motsetting til at Hellas overraska alle og vart europamester, så var det favorittane Bergsøy A1 som trakk det lengste strået i Herøyhallen.

Det vart fleire målrike oppgjer i årets innandørs turnering. Mange hadde nok Bergsøy A1 og Marken, med Lasse Myrhol i spissen, som dei to største favorittane. I opningskampen dominerte Bergsøy A1 og vann 7-4 mot Bergsøy 6.div. A-lagsspelarane var kvassare og kjappare til beins enn motstanden og vann fortent. Men spelarane på Bergsøy 6 som nokon kalla laget, vakna til liv og vann alle sine kampar mellom opningskampen og finala.

Marken hadde med seg 1.divisjonsspelaren Oddmund Vaagsholm på den første kampdagen. Marken virka tunge i den første kampen mot Gjerdsvika, og måte slite for å vinne 5-4. Vågsholm scåra vinnarmålet 30 sekund før full tid. Etter dette vann Marken 6-3 mot Alarm, før dei spelte uavgjort og tapte mot to ulike bergsøylag. Årets største siger i Statoil Cup var det Bergsøy A1 som sto for mot Gjerdsvika med 13-1. Bortsett frå dette nederlaget ytte Gjerdsvika god motstand, tross for at dei tapte alle sine kampar. Tjørvåg kom seg så vidt til kvartfinalen der dei rauk ut for Bergsøy A1.

Gursken/Larsnes har fleire gode spelarar, og etter 4-4 mot ParacetaMoltu i sin første kamp så vann dei greitt sine andre kampar fram til kvartfinala. Der slo dei også Fantastico med 2-0, men måtte så gi tappt for Bergsøy a1 med 2-5 i semifinalen. I bronsjefinalen blei det også tap for Marken med 2-1. Bergsøy 6.div som slo Marken 3-2 i gruppespelet etter et kanonskud av Roy Igesund, vann også kvartfinalen mot Bergsøy A2. Marvin Kopperstad vart esset i denne kvartfinalen med to fine mål, før Roy Igesund igjen visste klasse i det han punkterte kampen med 3-1 målet.

Dermed var det duka for Marken og Bergsøy 6.div i semifinalen, og det sto 2-2 etter full tid. Mål måns hadde æra av å sende laget vidare til finalen på goalden goal i ekstratida. I finalen vann Bergsøy a1 med 6-4 over Bergsøy 6.div. Anders Vaagen laga to mål og brillierte til tider. Steffen Moltu laga også to mål, medan Per Ståle Nykrem og Frank Sverre Skropen scåra kvar sitt mål. Børge Remøy scåra to for Bergsøy 6.div, mens Roy Igesund og Jan Ove Hansen scåra kvar sitt.


Opningskampen


Old Boys i rødt


Bergsøy 6.div


Steffen Moltu


Bil mot Bil


6.div mot Marken


6.div vann semien


Ingolf Leikanger med sølv


Sølvlaget


Gullvinarar


Steffen Kvalsund skyt


Marken


Bergsøy A1







★ Kampreferat med bilde
☆ Kampreferat uten bilde


Kampreferat
2010


2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

1999

1996

1995

1994

1993




11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.




:: HISTORIKK.com ::