Tekst og bilder:
Sandecup 2004
#



Bergsøy hadde vunne sandecupen dei to siste åra, og no trengte laget kun å vinne årets turnering for å få tak i den store og fristande vandrepokalen. Etter 7-0 over Tjørvåg og 3-2 over Larsnes/Gursken i den innledande pulja laurdagen, så var det klart for prestisjefull finale mot Gjerdsvika på søndagen.


(Bildet; Bergsøy med lagbilde før kampen.)

Bergsøy stillte dette året med andrelaget, med unntak av Mats Inge Teige som hadde starta den forge A-kampen for Bergsøy. I mål sto talentet Arve Kvalsvik mens forsvaret blei danna av kaptein Pål Andre Nerland, Christoffer Nilsen, Børge Remøy og Jan Åge Torgersen. Nemte Mats Inge spelte på høgrekanten mens Anders Per Vågsholm var på motsatt kant. I midten var Jarl Åge Wågsholm og Jan Ove Hansen foran Roy Igesund og Marius Vangen.


(Bildet; Laget tok kommando fra start med offansiv fotball)

Kampen starta med Bergsøydominans, og det varte heile dei første 35 minutta. 1-0 var sjølvmål, men kom som følge av godt Bergsøypress. 2-0 var av det lekrare slaget. Marius Vangen Kvalsvik kom fykande foran forsvararen og stupheadda ballen flott i mål etter et innlegg. Alle tenkte på Henke Larsson si scåring for Sverige i EM, noke som også speakeren ville få fram. Bergsøy leda fortent etter den første omgangen, og såg ut til å allereie ha seieren innanfor rekkevidde.


(Bildet; Gjerdsvika var kun på sporadiske turar frammover)

Men Gjerdsvika skulle få redusere alt etter 1 minutt ut i den andre omgangen, mens 2-0 ikkje kom så fryktelig lenge etter. Måla blei scåra av Stian Pettersen, og BIL-keeper Arve Kvalsvik var heller uheldig i begge situasjonane. Men Anders Per Vågsholm kom så aleine med Gjerdsvika sin gode keeper Tony og lobba lett inn 3-2 ledelse for å føre faorittane tilbake i føringa. Gjerdsvika var ganske nære på å scåre fleire gongar, og et frispark traff også undersida av tverrleggaren før den endte i bakken og ut.


(Bildet; I den 2.omgangen får Gjerdsvika sin gode keeper Tony Sandanger mindre å gjere bak i buret.)

Men Bergsøy fekk også sjansar til å score, og en dobbelsjanse endte tilslutt i ei straffe som Jarl Åge Wågsholm satte enkelt i mål til 4-2. Dette blei også sluttresultatet.


(Bildet; Jarl Åge skårar sikkert frå straffemerket)

Bergsøy fekk dermed pokalen dei kom for å hente, og jubelen sto i taket. Trenar Ingolf Leikanger var med på å vinne cuppen i sitt første forsøk, og suksesstrenaren som har gått ifrå seier til seier med andrelaget denne sesongen kunne smile ut etter kampen.


(Bildet; Kaptein Pål Andre Nerland er framme og tek imot pokalane.)

Skal det nemnast meir frå kampen så var Marius nære på å scåre enda en gong i 1.omgang, men Tony i gjerdsvika-buret var en av kampens beste spelarar.




Info

I 1976 spelte Bergsøy borte mot Molde i NM 3.runde. Molde vann 11-0 etter blant annet 3 mål av Jostein Flo, 3 mål av Petter Belsvik og mål av Øyvind Leonhardsen.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::