Tekst og bilder:
Reportasjer - Stadion
#



På denne sida får du et overblikk over dugnadsarbeid og anna arbeid på Bergsøy Stadion.



Dugnad på stadion 19.juli 2006

I år som ifjor så var det litt for få trillebårer, men så var det også et større oppmøte iår enn det var ifjor.


Hard jobbing


Det gravast


Fyller kanten


Aktiv gjeng



Ifjor hadde Bergsøy en vellykka dugnad 12.juli. Det gjekk også bra denne gangen, og oppmøtet idag var også ganske godt. Det endte sjølvsagt med mange arbeidslause sjelar uten redskap, men det gjekk fint å fylle opp banekanten med mold og grus. Bana har sege endel ute i sidelinjene, og dermed måtte spelarane idag prøve å dekke mold over desse områda. Sementkantane som sto litt opp utanfor bana har ført til skade før, og etter dagens arbeid er det håpa å begrense denne faren.


(Bildet: Trillebårene var i aksjon..)

Et vikingskip blei funnet !!

Det var et lite mirakel som skjedde idag, for få hadde nok trudd at spelarane skulle finne anna enn gamle kvistar inne i molddungen. Etter å ha skrapa bort litt av toppen så kom det etterkvart tydelig fram at det var et gammalt vikingskip langt der inne. Dermed tok dugnaden brått slutt, og arkeologane måtte tillkallast. Trulig betyr dette at heile bana må gravast opp på jakt etter andre vikinggraver. Skipet har trulig kome opp gjennom den eine kummen i området, og deretter sneket seg under molddungen en av dei regnfylte dagane vi har hatt i det siste. Så er det store spørsmålet kva anna som blir funne i området no som gravmaskinene herjar som verst...


(Bildet: Kven skulle tru det? Spelarane fann et vikingskip inne i den eine molddungen!!..)

Dugnad på stadion 12.juli 2005


(Bildet; Dugnad på Stadion i sommar.)


Bergsøy Stadion har lenge blitt tatt vare på av Arvid Kvalsund som klipp og steller bana i det daglige. Denne dagen fekk han etterlengta hjelp slik det burde være mulighet til å få til kvar sommar for å få bana i så god stand som mulig. Halva bana blei tatt i denne omgang, slik at det er mulig å få trene på den andre halvdelen. En av dagane før avreise til Grimstad på treningnsleir skal den andre halvdelen takast. Vi tok tilogmed lagbilde av dugnadsgjengen, Marvin Kopperstad kom få minutter etter.


Dugnad


Dugnad


Dugnad


Dugnad


Storaksjon dag 3, 9.juli 2004

Aksjonens siste dag blei en skuffelse. Bana skulle djuploftast, som da vil seie at ei maskin skulle lage hol ned til ei 15 cm dybde. Dette blei avlyst grunna banens tilstand. Bana har sokke en heil del på dei åra den har vore i drift, og stein rett under grasdekket var for omfattande til at pigg-maskina kunne brukast. Det einaste som har vore gjort idag er dermed vatning av bana. Frøa som har blitt strødd over bana treng mykje vatn. Og alt anna utstyr er no pakka sammen. Med full ro ei tre ukers tid så vil bana likevel bli betraktelig bedre enn det den var før aksjonen.


Vatning av bana


Vatning av bana


Bana stengt for 3 uker



Nye mål til Heid grus og Bergsøy Stadion

Det skjer mer enn berre overhaling av grasbana for tida, Bergsøy stadion og Heid grus har fått to nye mål kvar av beste klasse. Måla har hjul, så nå slepp vi å bruke krefter på å bære dei rundt. I tilfelle dei må bærast så har dei også handtak, så her er alt tenkt på. Måla er solide og skal ha fin kvit netting. Her følger nokre bilder fra skapelsen. Trykk på bilda for å få dei i større format.


Måla i pakkeløysing


Starter arbeidet


2 biter på plass


Skruing må til


Nye biter oppe


Målet tek form


Nytt mål er laga



Storaksjon dag 2, 8.juli 2004

Idag har det vore strålande vær i Herøy, og arbeidet med bana har gått veldig bra. Over 30 kubikk med sand har blitt strødd over med traktoren, og ved hjelp av en kost som blir dratt av klipparen så har sanden jamna seg godt ned i bana. Før dagen er omme er det nok like mykje sand på bana som i Mulevika. Kommunearbeidarane har som vanlig vore på plass og hjelpt til. Dei har idag blant anna kantklippa bana, noke som ikkje har skjedd så ofte før. Imorgon er det venta at pigginga skal starte. Bilde under viser piggemaskina som skal bore seg nedover bana. Trykk på bilda for å få dei i større format.


Moldes banebil


Luftingsmaskin


Kort klippt


God del sand


Jamner ut sanden


Luftingsmaskina


Kommuna på plass



Storaksjon dag 1, 7.juli 2004

Herøy Kommune er igang med en skikkelig storjobb med Bergsøy Stadion. Utstyr frå Molde som blir bemanna av Moldes eigen banemann Øyvind Arnesen er på plass frå idag for å få BIL si grasbane i den forma den bør være. Dette er en storaksjon som grasbana aldri før har gjennomgått, men som Molde Stadion går gjennom to gangar årlig. Arnesen, som faktisk spelte for Åndalsnes i lagets 2-1 seier over Bergsøy i 1972 i grasbanas opningskamp, har i heile dag brukt sin minitraktor og klippt bana ned på ei grashøgd som vår klippar aldri hadde klart. Grunnen til klippinga er for at han skal kome bedre til med det som kalles vertikalskjæring. Som igjen vil seie at det kuttes på langs av bana for å fjerne og få opp gammelt dødt gras og drit. Deretter skal bana piggast, såast, løftast og gjødslast. Det skal så kjørast på 30-40 kubikk med sand på toppen av bana.

På bildene under ser du tydelig forskjell på høgda vi klipp bana, og det som har blitt klippt no for å kome igang med aksjonen. Kommunearbeidarane har vore på plass og sett at alt har gått i orden, og har også raka vekk gras som har blitt spruta ut fra den gode og raske traktorklipparen frå Molde. På grasbildet ser du korleis vertikalklipparen går ned i dybda for å lufte bana, mens et anna bilde viser at leiar i Bergsøy Fotball Bjørn Otterlei og materialforvaltar Arvid Kvalsund var på plass. Trykk på bilda for å få dei i større format.


Halve bana klippt


Stor forskjell


Traktor fra Molde


Grasbilde


Traktor i aksjon


Kutting i graset


Otterlei inspiserer


Arvid Kvalsund på plass







Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::