Volda -Bergsøy 2-2
(16.06.2000)
(Tatt frå Voldas heimeside)
Etter fleire dagar med tett regnver måtte seriekampen mot Bergsøy flyttast til grusbana på grunn av overvatn på grasbana, og sjølv om det vart opplet, så svikta publikum nok ein gong. Berre 35 betalande er ikkje mykje å skryte av.
Kampen vart ein gjengangar, der voldalaget burde dratt sigeren i land, men greidde ikkje score meir enn to gongar på alle sine sjansar. Då Ove laga 2-1 ti minutt før slutt, trudde likevel alle at no var siger nummer eit faktum, men nei, Bergsøy kontra like før slutt og utlikna til 2-2.