
(Tatt frå Voldas heimeside)
Volda knuste Bergsøy (04.09.01)
6-2 i årsbeste kamp!
Mål: Volda:Tore Eikrem 2, Ove Gilleshammer, Stein Holsvik, Raymond Karlsen, Kenneth Nydahl
Bergsøy: Roy og Frank
Det vart ein feiande frisk og god kamp frå Volda si side mot Bergsøy på kunstgraset tirsdag kveld.
Alt frå start eigde gutane kampen, og med unntak av eit kvarter midt i første omgang styrte dei det heile med raske og presise angrep. Det stoppa med seks mål, men kunne fort blitt tosifra med større utteljing på sjansane, for vi noterte voldaspelarar aleine med keeper 5-6 gongar utanom scoringane.
1-0 kom då Ove pressa gjesteforsvaret til feil før han snappa ballen og runda keeper. Bergsøy reduserte på ei fin heading, før Stein fastsette pauseresultatet til 2-1 på ei heading etter corner.
Andre omgang starta med eit formidabelt stormløp mot Bergsøymålet, og etter 12 minutt stod det 4-1 trass i enda fleire feite sjansar. 3-1 sette Raymond i lengste hjørne og 4-1 kom på ei Kennethheading. Dagens mål sto Tore Eikrem for på 5-1 då han sette eit frispark i krysset frå 20 meter. Same Eikrem var forøvrig giftig presis i det meste han foretok seg, ikkje minst på dødballar. Han fekk også æra av å setje inn 6-1 målet etter godt forarbeid av Knut Arve Nærø. Bergsøy fekk eit mål i sluttminutta, men ødela likevel ikkje heilhetsinntrykket av ein særs god kamp av heimelaget, med solide prestasjonar over heile linja. Greier ein å halde dette nivået, vert det garantert fleire poeng før ein set sluttstrek, laurdag 23. september. Neste kamp er komande søndag borte mot HaNo.