

(Tatt fra Voldas heimeside)
Stortap for A-laget (12.06.01)
6-1 tap, og Stein utvist
Mål: Bjørn Ove Strand
Det vart stortap for A-laget mot Bergsøy i ein merkeleg fotballkamp. Det var nemleg Volda som hadde det meste av spelet og dei fleste sjansane fram til 0-3 målet midt i andre omgang, og det trass i at Stein Holsvik utruleg nok vart utvist midt i første omgang, etter ein hands i eige straffefelt. Ballen spratt opp i handa hans under ei sklitakling, så straffa var grei nok, men tolkinga av kva som er viljehands og ikkje slit mange dommarar med, ikkje minst dagens aktør, som også var svak på fordelsparagrafen. Med Stein ute vart sjølvsagt laget sterkt svekka, men ein greidde å halde tritt med Bergsøy i banespelet sjølv med ti mann eit stykke ut i andre omgang. På slutten rakna det imidlertid og Bergsøy var drepande effektive. Sjølvsagt vanskeleg å bortforklare eit så stort tap, men på bakgrunn av den første timen og omstendigheitene får ein trøyste seg med det positive som vart vist då. Stillinga ved pause var 1-0, og målet til Colly kom på stillinga 5-0, etter eit flott skot. Neste kamp er heime mot HaNo på laurdag.