

Siger til Bergsøy
Bergsøy - VRF 2 - 0 ( 0 - 0 )
Bergsøy stadion
Mål: 1-0 Roy Igesund (55), 2-0 Frank Sverre Skorpen (60)
Domar: Jan Lund, Blindheim - 6 p
Gule kort: Frank Sverre Skorpen og Tommy Ingebrigtsen, Bergsøy, Robert Sogge, VRF.
Spelarpoeng: 3 Frank Sverre Skorpen, Bergsøy, 2 Arve Leine, Bergsøy, 1 Robert Sogge, VRF.
Kommentaren:
- Lagsiger, lagsiger, lagsiger! Alle jobba for kvarandre, og det gav eit fortent resultat. Mange har tippa oss langt nede på tabellen. dersom vi greier å mobilisere like godt framover, skal vi nok bite godt frå oss. Men det er ingen grunn til å ta av etter første kampen. (Bergsøy-kaptein Arve Leine)
- Bergsøy ville meir enn oss frå første spark av. Fleire enn oss vil nok få problem med Bergsøy dersom dei jobbar like godt i komande kampar. (VRF-trenar Ole Bjørn Fiskerstrand).
Kampen:
Heimelaget burde nok ha vore i føringa alt ved halvtid. Njål Tyssing hadde ein stor sjanse då han frå 7 - 8 meter skaut over. Etter det hadde Roy Igesund 2 store tilbod for vertane, og spesielt på det siste burde han ha netta frå kort hald.
Men Roy gjorde det godt igjen etter berre 10 minutt i 2. omgang. Etter fint førearbeid av Frank Sverre Skorpen runda han keeper og sende vertane i føringa. Berre 5 minutt seinare snudde dei to på rollene, Roy gjorde førearbeidet og Frank Sverre scora. Bergsøy dominerte stort dei første 20 minutta av 2. omgang, og berre stanga hindra Kristoffer Nilsen i å gjere 3 - 0 for vertane.
Etter dette kom VRF meir med, men dei kom ikkje nærare enn ein kanon i tverliggaren signert Eivind Fet. Sjølv om gjestane hadde ballen mykje utover i omgangen, renska eit godt heimeforsvar godt unna