Handball herrer – kampreferat
2026-03-08 • 2025/26 • serie • Runde 21
Kamp-ID 586
Bergsøy
Bjørnar
38–23
⚽ Målscorarar
Kampinformasjon
• Dette var 20. sigeren i sesongen.
• Dette er 8. kampen mot Bjørnar.
Statistikk mot Bjørnar til og med denne kampen: 5 sigrar, 0 uavgjort, 3 tap, 227–202.
Sesong totalt (til og med denne kampen): 20–1–3 (S-U-T), 773–650.
• Banens beste: Christopher Lindbjerg Ekman
📝 Kampreferat
Bergsøy køyrde over Bjørnar

Bergsøy held fram på toppen av 1. divisjon etter ein klar siger heime mot Bjørnar. I REM Arena Fosnavåg enda det med heile 38–23 etter 20–12 til pause.

Bjørnar, som ligg på nedre del av tabellen og kjempar for å halde plassen, opna best og tok ei tidleg tomålsleiing. På stillinga 1–3 snudde likevel kampen raskt. Heimelaget fekk taket på oppgjeret, medan gjestane byrja å gjere feil, og plutseleg hadde Bergsøy snudd det til 9–3.

Eit godt forsvarsspel gav rom for raske overgangar, og Bergsøy scora frå alle posisjonar. Keeper Oddvar Johan Roseth stod stødig bak, og Bjørnar sleit med å finne tilbake til rytmen. Trass i forsøk på å endre forsvarsspel, fekk dei ikkje stoppa heimelaget, som kunne gå til pause med ei komfortabel leiing på 20–12.

Fleire stod fram Andre omgang heldt fram i same spor. Bergsøy heldt tempoet oppe, og Bjørnar makta aldri å kome tilbake i kampen. Sigvart Kval leverte ein strålande kamp i mål og enda med ein redningsprosent på 61. Han stoppa det meste som kom, og sette i gang raske kontringar.

Bjørnar sin keeper måtte plukke ballen ut av nettet 38 gonger, medan Bergsøy imponerte med både fart og breidde. Heile ti spelarar teikna seg på scoringslista. Petter Eikrem og Christopher Ekmann vart toppscorarar med sju mål kvar. Bo K. Refsnæs hadde ein svært god kamp på høgrekanten med seks mål, det same hadde Emil Andreas Raknes. Markus Buchardt stod igjen for mange av målgjevande pasningane og styrte spelet offensivt. – Veldig god kollektiv innsats Trenar Peter Pucelj var godt nøgd etter kampen.

– Det var kjekt med ein kamp som ikkje vart så spennande, og godt å spele utan det store presset. Vi fekk også gitt speletid til dei unge, noko vi meiner er viktig. Vi møter sterkare motstand framover, sa han, og heldt fram:

– I dag leverte vi ein veldig god lagprestasjon. Engasjementet var høgt, forsvaret fungerte, og tempoet var bra. Det er også kjekt å sjå at Christopher Ekmann er tilbake i god form. Det lovar bra for dei neste kampane.

Heile 347 tilskodarar hadde møtt fram og fekk oppleve både storsiger og god stemning på kvinnedagen. Arrangøren bidrog også til ramma med gratis kaffi og kaker til publikum.

No ventar to bortekampar i Trondheim for Bergsøy, der Tiller og Melhus står på programmet dei neste helgane.