Handball herrer – kampreferat
Melhus


Bergsøy
31–33
⚽ Målscorarar
-
⚽6
-
⚽6
-
⚽6
-
⚽4
-
⚽3
-
⚽3
-
⚽2
-
⚽1
-
⚽1
-
⚽1
Kampinformasjon
• Dette var 21. sigeren i sesongen.
• Dette er 12. kampen mot Melhus.
Statistikk mot Melhus til og med denne kampen:
3 sigrar, 0 uavgjort, 9 tap, 300–347.
Sesong totalt (til og med denne kampen):
21–2–3 (S-U-T),
834–709.
• Banens beste:
Markus Buchardt
📝 Kampreferat
Braut «forbanninga»: – Vi får berre ta med oss dei to poenga
Bergsøy held fram på toppen av 1. divisjon etter 33–31 borte mot Melhus onsdag kveld. Etter kampen var trenar Peter Pucelj tydeleg letta over at laget endeleg fekk med seg ein siger frå ein vanskeleg bortearena.
– Dette er faktisk første gong vi vinn her. Det har nesten kjendest som ei forbanning, så det var godt å bryte den no, seier Pucelj.
Han legg samstundes ikkje skjul på at prestasjonen ikkje var på topp, men understrekar at poenga var det viktigaste.
– Vi venta ikkje vår beste kamp. Det har vore litt nerver i laget, og då blir det gjerne slik. Men det får vi berre leggje bak oss – det viktigaste er at vi tek med oss dei to poenga, seier han.
Bergsøy tok føringa før pause og gjekk til kvile med 18–16. Etter pause slo Melhus tilbake og utlikna til 20–20, men bortelaget svara godt og fekk etter kvart ei luke på fire mål. Då Bergsøy auka til 32–30 med litt over eitt minutt igjen, såg det tungt ut for heimelaget.
Jamnt oppgjer
Kampen var likevel tett gjennom heile oppgjeret.
– Vi opna ikkje best, men tok meir kontroll etter kvart. Det var ein jamn kamp utan noko skikkeleg pusterom. Vi leia med tre–fire mål på det meste, men Melhus var heile tida på, seier Pucelj.
Avgjerda kom heilt på slutten. Melhus reduserte til 31–32, men Bergsøy avgjorde i siste angrep då Emil Raknes sette inn 33–31 berre tre sekund før slutt.
Ser framover
No rettar laget blikket mot komande utfordringar, der nivået blir endå høgare.
– Dette var ein tøff bortekamp, men neste bortekamp mot Bodø etter påske blir endå hardare. Då må vi opp eit hakk, seier Pucelj.
Før det ventar Charlottenlund på heimebane søndag, og trenaren er klar på at laget må halde fokus.
– No handlar det om å førebu seg vidare. Vi har ikkje tid til å feire, og vi skal ikkje skuffe heimepublikummet, seier han.
Peikar på lagånd
Pucelj meiner laget utvikla seg positivt utover i kampen.
– Vi vart betre og betre. Når vi står saman og viser god lagånd, presterer vi også betre, avsluttar Bergsøy-trenaren.
Info
Turnering
serie
Runde
23
Tilskodarar
333
Lagoppstilling