Handball herrer – kampreferat
2026-04-08 • 2025/26 • serie • Runde 25
Kamp-ID 592
Bodø
Bergsøy
24–30
⚽ Målscorarar
Kampinformasjon
• Dette var 23. sigeren i sesongen.
• Dette er 6. kampen mot Bodø.
Statistikk mot Bodø til og med denne kampen: 3 sigrar, 0 uavgjort, 3 tap, 170–178.
Sesong totalt (til og med denne kampen): 23–2–3 (S-U-T), 897–765.
• Banens beste: Petter Nygaard Eikrem
📝 Kampreferat
Det var klart for kampen Bodø - Bergsøy. Bodø var ett poeng bak. Laget med solid Eliteserieerfaring i handball bak seg, dei spelte i øverste divisjon frå 2007 til 2010 og også 2012 til 2019. No ville dei tilbake dit. 672 tilskodarar var klare på tribuna, mot Bergsøy. Den vesle klubben frå Sunnmøre. Bergsøy var berre ett lite hinder på vei mot neste sesong med ny stadion og nye kampar i Eliteserien neste år.

I starten såg det litt tungt ut for Bergsøy. Resultatmessig hang dei med, men forsvaret til Bodø såg ut til å være vanskelige å trenge gjennom. Det var igjen kapteinen Markus Buchardt som tok ansvaret og satte inn standarden med mål fra avstand. Han scora dei to første måla og viste dei andre at dette er mulig.

På 65 kampar dei vi har registrert kven som har blitt banens beste spelar for Bergsøy så er det 15 spelarar som har fått prisen. Markus har blitt bestemann heile 16 gangar. 6 gangar siste 11 kampane. Han scorar mykje mål, men strør drøssevis meir assist. Så da stillinga er 11-11 og det er 3 minutt igjen av 1.omgang så er Bergsøy der dei skal være. Dei er med. Laget har fortsatt muligheten til en usannsynlig prestasjon mot en sterk motstander. Men så kjem det ei stygg skade på kapteinen. Markus ligger nede.

Det er tydelig frå første sekund at det er alvorlig. Vi ser det på skrekkslagne ansikt og reaksjonar. Tv-skjermen går i blått. Det er et lengre stopp i spelet. Det er heilt klart snakk om brudd på kapteinen. Sesongen er over for han. Men betyr det også at det er over for Bergsøy? Var det slik sjansen skulle forsvinne?

Utrulig respons Det laget gjorde etter skaden kan kun omtalast som en fantastisk laginnsats. No var det fleire som tok tak i kampen. Frå skada og ut eigde Bergsøy kampen. Dominerte. Vi frykta det var Bergsøy som skulle bli lamslått, men det var Bodø som sto lamslått tilbake. Ledelse med 11-14 til pause og 19 minutt seinare var stillinga 17-24. Med ti minutt igjen virka det nesten avgjort, men eg skal love at ingen turte å tru at det var avgjort.

For så viktig var denne kampen. Seier kunne bety opprykk der og da om Viking tapte. Det gjorde dei ikkje. Men no betydde seier at Bergsøy kun treng å vinne siste heimekampen mot Kragerø. Faktisk treng en kun uavgjort. Heime. For å gå opp til ELITESERIE.

24-30 seier borte mot Bodø. Det er heilt utrulig. Laget sin respons både på press og motgang er uten sidestykke. Å dedikere innsatsen og seieren til Markus gjer prestasjonen berre meir rørande, som om den ikkje allereie var det frå før.

Vi burde egentlig ikkje skrive mer om det. Fordi dette er ei stor felle å gå i. Jobben er ikkje gjort enda. Bergsøy har 13 kampar på rad uten tap, men klarer dei berre å forlenge den rekka med en kamp til. Berre en kamp til. Og dermed tangere rekorden frå 2007 med 14 kampar uten tap. Så vil søndag 12.april bli den nye flaggdagen for Bergsøy Handball. Det er klart at det blir nervar. Fallhøgda vil være stor ved tap når gevinsten for seier er så nærme. Bergsøy må for all del ikkje tru at dette er en walk in the park.

Men det skal iallfall ikkje stå på innsatsen. Det skal ikkje stå på publikum. Det skal ikkje stå på dei frivillige. Og vi er heilt sikker på at spelarane vil gjere sitt beste. Det ligg ann til ei utrulig avsluttning. Stadion er utsolgt. Alt ligg til rette slik en ikkje hadde turt å drøyme om.