Det er sjukt. Fleire er mållause. For dei fleste har det ikkje heilt gått opp for enda kva som egentlig har skjedd, og det vil sikkert være vanskelig å forstå også før neste sesong startar.
Fordi i sesongen 2026/27 møter Bergsøy laga Elverum, Kolstad, Bergen Handball, Drammen, Runar, Sandefjord og Fjellhammer.... For å nemne nokre av tidenes største handballlag i Norge. Vi skal spele blant dei store gutta.
Elverum blei seriemester og har hatt et driftsbudsjett på 41 millionar. Kolstad har spelt Champions League denne sesongen, men har millionunderskudd sjølv om ambisjonane er å være på topp både nasjonalt og internasjonalt. Bergen handball blei nr 3 i toppen denne sesongen, mens Drammen og Runar er tradisjonstunge klubbar i norsk herrehandball med store meritter og europacuphistorie.
Thomas Buckhard og Eldar Lillerovde før kampen
Kva i alle dager har Bergsøy rota seg borti? Klubben fra Fosnavåg. Herøy. Kommunen med 8000 innbyggerar. Korleis er det mulig at klubben har havna her no? Heilt der oppe blant dei aller aller beste. Bergsøy går inn i ein liga der dei møter seriemesterar, Champions League-klubbar, gamle stormakter og etablerte toppserielag nesten kvar veke. Dette er ikkje berre eit opprykk — det er eit steg rett inn i det øvste norske håndballsjiktet.
Mål til Bergsøy
Veien til Eliteserie
Veien starta jo for mange år sidan. Bergsøy har gradvis klatra i fleire år no. Stabiliserte seg i 2.divisjon etter opprykket i 2013/14 før det sensasjonelle opprykket til 1.divisjon i 2022/23. Men det blei jo faktisk nedrykk i den første sesongen, trudde vi. Bergsøy beholdt plassen heldigvis fordi Nøtterøy hadde økonomiske problem. Dermed blei 2024/25 en bonussesong i 1.divisjon - men Bergsøy overraska alle da dei mobiliserte og kom på 6.plass.
Så kjem vi til årets sesong 2025/26. Bergsøy tapte mot Kolstad 26-27 i NM. Norges nest beste lag iår.
Og i serien har Bergsøy gjennomført et eventyr.
22 kampar - 2 uavgjort - 2 tap.
Tapa kom på heimebane mot Melhus og Bodø. Det betyr at Bergsøy aldri tapte på bortebane. Dei siste 14 kampane her Bergsøy vore ubesigra. Det har trulig ikkje skjedd i en og samme sesong før. Bergsøy var ubesigra i 14 kampar på rad i 2007 men det var over to forskjellige sesongar (2006/7 og 2007/8)
Viking og Bodø var kanskje favorittane til å rykke opp. Viking har scora nesten 100 mål meir enn Bergsøy denne sesongen og har hatt det beste angrepet, mens Bodø har hatt det beste forsvaret.
Men Bergsøy har hatt den rette balansa.
Slått Viking heime, slått Bodø borte. Vore best totalt sett, og dermed fortjent opprykket på imponerande vis.
For når innspurten starta og det gjaldt som mest, da har Bergsøy overbevist i et tøfft kampprogram. Uavgjort borte mot Viking. Slo Melhus borte som hadde slått Bergsøy i Fosnavåg. Klarte å sette den siste spikeren i sluttsekunda heime mot Charlottenlund. Og når det virkelig blei storfinale borte mot Bodø då sto heile laget fram.
For Bodø var onsdag. Tøff reise og tøff motstander. Jamn kamp, og kapteinen blei skada. Da viste laget kva som bor i dei og såg seg aldri tilbake. Knuste Bodø med 24-30 på bortebane i en kamp der mange kunne forstått om dei ikkje takla presset.
Men laget har vist at dei er best under press. Som mot Charlottenlund da dei gjekk opp i storledelse. Men dabba av utover da dei trudde presset var blitt mindre. Mot Kragerø i siste kamp skulle ikkje den tabba skje igjen.
Seriefinale mot Kragerø
Kampen starta kl 15:00 men dørene skulle åpne kl 13:30. Like over kl 13:00 var det allereie kø ut av bygninga. Dei som ikkje hadde fått bilett kunne samle seg i festsalen, men det var sikkert fleire som såg kamp både på pub i sentrum og rundt om i mange heimar. Det var mange som var nærvøse. Mykje sto på spel. Men Bergsøy viste igjen at dei er gode under press.
Det var 6-1 etter 5 minutt. Det var 10-3 før det var spelt 11 minutt. Og til pause var stillinga 19-10. Det var egentlig nesten avgjort allereie. Bergsøy brukte heile laget sitt utover i kampen, og 16 spelarar var på bana. 12 av dei scora mål. Petter Eikrem scora 11 av måla, og det er berre to kampar for Bergsøy han har scora fleire.
Dei siste 15 minutta av kampen var egentlig rein feiring. Bergsøy var så suverene.
Når det gjaldt som mest, så fullførte Bergsøy den mest målrike kampen for heile sesongen. Siger 44-26. 70 mål totalt. Førtifire mål er det nest meste Bergsøy har scora i en handballkamp nokongong. Hadde dei scora kun ett mål til så hadde dei tangert rekorden frå 2024 då dei slo HK72 Sande med 45-39. Iallfall ifølge den statistikken vi har.
Vinner med 18 mål når det gjelder som mest. Det kaller vi å prestere under press!
Alle heltane
Opprykk til Eliteserie er en enorm prestasjon. La oss oppsummere litt.
Trulig har ingen andre lag mellom Bergen og Trondheim spelt i Eliteserien. Såvidt vi kjenner til. Altså, ingen lag frå Sunnmøre før. Ingen lag frå Møre og Romsdal før.
Bergsøy er flaggskipet i området. Kystens stoltheit. Kongane av nordvest.
Det er ingen andre her. Berre Bergsøy. Klubben må reise til Bergen for å finne dei nærmaste som er på vårt nye nivå. Og deretter er det Nærbø som er nede i Rogaland. Kolstad er i Trondheim. Runar i Sandefjord. Follo og Fjellhamar i Oslo området. Og sjølvsagt har vi Drammen i Drammen.
Bergsøy er igrunnen det mest isolerte laget i ligaen. Outsideren fra der ingen skulle tru at nokon kunne.... klare opprykk.
Men til temaet: Heltane. Som 435 personar i publikum klappa for da opprykket vart klart. Og en av dei yngste satt ned på bana, ned på kne og hylla dei med en fortjent hyllest.
Eikrem som er sesongens toppscorar. En publikumsyndling som gir alt. Han får smellar kvar kamp, men spretter opp igjen med godt humør. Det humøret smittar også over på publikum. 185 mål på 26 kampar. Han har tatt steg år for år. Scora 48 mål i 2023/24, 179 mål i fjor og no oppe i 208 mål denne sesongen om vi også teller NM kampane.
Markus Buchardt har vore kapteinen. Fora dei andre spelarane med drøssevis av assist og blitt banens beste i flest kampar. I serien har han scora 122 mål, lagets straffeskytter med 31 fulltreffarar. Han var med mot Kragerø i form av drakt nr 19. Savna denne kampen, men slett ikkje gløymt. En av sesongens store profilar.
Emil Raknes passerte idag Buchardt med ett mål. Han har scora 125 mål denne sesongen (medrekna NM). Det fører han opp til 892 mål totalt for Bergsøy. På klar andre plass på lista, kun bak Evaldas Grieze som har 940 mål.
Evaldas scora nemlig mot Kragerø. Sitt første mål på over 3 år, sidan mars 2023. Bergsøy sin toppscorar gjennom tidene prøvar så godt han kan å halde Raknes bak seg på målscorarlista. Det er 52 mål mellom dei no.
Vi diggar jo at Bergsøy har fått så mange gode spelarar utanfrå. Paul Høj fra Færøyane som har scora 119 mål denne sesongen. Heile familia var på tribuna og heia laget fram til siger. Sigvart Kval har etablert seg som en virkelig klassespelar. Ekman og Rosenkilde frå Danmark er sentrale spelarar. Mens Odin Tømmerbakk også har kome til Bergsøy med solid rutine i bagasjen.
Men så er det sjølvsagt også kjekt at nettopp spelarar som Evaldas og Oddvar Roseth er med fortsatt. Evaldas har spelt i Bergsøy sidan 2014/15 og har kampar i 9 forskjellige sesongar, mens Oddvar starta i 2011/2012 og har spelt no i 14 sesongar.
Så i laget har vi altså spelaren Oddvar som har flest kampar for Bergsøy gjennom tidene. Og i Emil Raknes og Evaldas Grieze har laget dei to spelarane som toppar målscorarlista gjennom tidene. Så laget er ikkje berre nytt blod, det er også lengre tids rutine på plass. Lars Erik Bøe foreksempel. Han kom inn og scora. Slik han har gjort heilt sidan 2007 på A-laget. Nokon får rette meg om eg har feil her, for det er egentlig så utrulig om det faktisk er sant.
Lat oss nemne Sander Aasen i samme slengen. Han scora to mål idag. Det er første kampen vi har registrert at han har scora 2 mål i en kamp. Det har vore åtte kampar med 1 mål. Det er kjekt å sjå lokal ungdom på laget. Iver Frantzen Pettersen scora også mål mot Kragerø.
Mens på tribuna har vi fleire av dei andre tidligare toppspelarane som fortsatt er med i miljøet og heiar fram dei nye heltane. Adolf Espeseth, Nils Christian Nørvåg, Jan Erik Myrseth, Eldar Lillerovde, Bjarne Pettersen, Stig Vestnes, Pelle Kvalsund, Ruth Vestnes, Jørn Remøy, Ivar Nærø og mange mange fleire.
Handballmiljøet i Bergsøy er levande!
Gratulerer Bergsøy
Det er sjølvsagt mange å grattulere. Det er nemnt nokon av spelarane, og det er urettferdig at ikkje alle nama er nemnte. For den siste seriekampen viste at alle er gode nok. Alle er viktige.
Med 435 på tribuna er sjølvsagt publikum også viktige. Det var utsolgt. Ny rekord denne sesongen, men nokre mindre enn mot Fyllingen og Nøtterøy i 2024. Eg tippar at om vi tek med alle pressefolka og diverse så var nok dagens reelle tall litt høgare. Muligens. Rekorden står i vår statistikk som 450 mot Kolstad2 i april 2023.
Så er det alle dei andre i Bergsøy Handball. Alle vaktene. Alle frivillige. Alle som står i kulissene. Alle som trudde på det umulige, og satsa. Alle sponsorane. Der er så mange som har bidratt til at denne prestasjonen har kome i mål.
No er det mange som spør seg kvar veien går vidare. Skal en spele Eliteserie i Fosnavåg? Får en dispensasjon. Vil en utvide for å få plass til fleire publikum. Kva er egentlig krave i eliteserie? Det er krav til sikkerhetssoner rundt bana. Det er krav til fast kameraoppsett. Eige område rundt sekreteriat. Alt dette og meir er det Bergsøy må ta stilling til i tida frammover.
Og spelarstall. Og økonomi. Men det er i månadane frammover at dyktige folk skal ta stilling til mange av desse spørsmåla.
Idag må berre Bergsøy nyte sin nye status.
Bergsøy er en Eliteserieklubb!
Gratulerer Bergsøy