Milepæl: Komplett kampliste
Fotball
Historikk.com har no 100 prosent dekning av alle Bergsøy A-lag sine 1371 obligatoriske serie- og cupkampar sidan 1952 og fram til 30. januar 2021.
Dette vil seie at kvar einaste obligatoriske A-kamp har si eiga side med kampreferat her på vår side, som du finn ved å velje kamp i vår kampreferat-avdeling.
Det starta i 2002
Det starta å bli lenge sidan vi så smått laga til dei første kampreferata i 2002.
Målet var å samle alle Bergsøy sine obligatoriske kampar som kampreferat, og på den måten finne fram historia og statistikken til klubben.
I dag nådde vi eitt av måla. Vi har på plass kampinfo frå samtlige Bergsøy sine obligatoriske A-kampar sidan den første kampen i 1952.
Vi mimrar tilbake til 2002 da vi starta heimesida Bergsoy.com, og ser tilbake på intervjuet Vestlandsnytt hadde i 2005 og Sunnmørspostens notis om vårt historikkarbeid frå same periode.
Rett og slett for å minne oss på at dette er ein gledens dag. Det har tatt lang tid å kome hit.
01.10.2002 starta eg Bergsoy.com, og det skulle altså ta 19 år før målet med å få på plass alle kampreferata blei nådd. Historikk.com har no over 1400 kampreferat.
Sjølve kamplista har også fått ei visuell overhaling. No ser ein med eit raskt blikk kva tid formperiodane til A-laget har vore, ettersom vi har gitt siger, uavgjort og tap ein eigen farge.
Ser ein kamplista i 2002 vil ein sjå ein nærmast heilgrøn sesong, mens ser ein på 2005 vil ein sjå at det er ni raude resultat på dei første ti seriekampane.
Dette gjer det også lettare for oss å lage statistikk på for eksempel formperiodar, flest tap på rad, flest sigrar på rad og liknande.
Kampreferata er og har alltid vore grunnmuren.
No har Historikk.com ein solid grunnmur å bygge vidare på. Ganske mange av kampreferata skal bli forbetra, både med bilde og tekst.
No følast det lettare, nesten som ei lette. No har vi ikkje 60 eller 80 prosent dekning av kampane. Vi har 100 prosent. Alle.
No er det ikkje lenger stress med å ta igjen 68 år med A-seriespel, for no er vi endeleg ajour. Fokuset no blir å forbetre det som allereie er laga.
Arbeidet vidare
Arbeidet vidare pågår for fullt. I dag var vi på bibliotek i Ålesund og grov oss inn i historia på jakt etter ny informasjon.
Det blei ein del timar i det som blir kalla eit mikrofilmapparat, som kort sagt kan seiast å lese gamle aviser som lysbilde fordi dei ikkje har blitt digitaliserte.
Og timane med å sjå lysbilde gav nokre resultat. Vi fann fleire målscorarar nemnde i Sunnmøre Arbeideravis (SA) som ikkje hadde blitt nemnde i Sumpen/Vestlandsnytt.
Dette vil sjølvsagt kome på plass etterkvart, og arbeidet fortsetter med å få alt så komplett som det er mogleg å få til.