Fotball damer – kampreferat
2012-05-16 • 2012 • Serie
Kamp-ID 218
Bergsøy
Ørsta
7–0
⚽ Mål
⚽ 20'1-0
⚽ 78'5-0
⚽ —2-0
⚽ —3-0
⚽ —4-0
⚽ —6-0
⚽ —7-0
📝 Referat
Bergsøy spelte god fotball og fin angrepsfotball og står no med 4 poeng på to kampar.

Bergsøy-damene utklassa Ørsta 7-0

Bergsøy sitt damelag i fotball spelte periodevis flott angrepsfotball då dei sist veke knuste Ørsta 7-0 i sin andre seriekamp for året. Dermed står det unge laget med 4 poeng etter to kampar og har fått ein god start på sesongen. Men trass i utklassinga kunne Bergsøy med litt meir presisjon i dei avgjerande trekka lett kunne vunne med enda større siffer. I tillegg til at dei sløste med sjansane stod Ørsta sin keeper ein kjempekamp, og begrensa nederlaget for gjestane.

Som resultatet tilseier vart det spel mot eitt mål, og kampen framstod som eit langt angrep mot gjestemålet. Bergsøy spelte seg til fleire 100%-sjansar i opninga, men det skulle gå 20 minutt før laget fekk «hull på byllen». Elise Romestrand forsørte fint på venstrekanten, skar inn, og sette ballen kontrollert i hjørnet. Bergsøy-dominansen fortsatte og like etter var det klart for 2-0 då Anne Halle fekk eit gjennomspel i midten som ho sette kontrollert i mål. 2-0 vart også pauseresultatet, og det høyrer med til historia at Bergsøy sin keeper Dagny Beate Vattøy kun hadde tilbakespel å ta seg av i første omgang. Og Ørsta skal prise seg lukkeleg for at det stod berre 2-0 til pause.

I andre omgang fortsette BIL-dominansen, men i denne omgangen var heimelaget flinkare å utnytte sjansane. «Scoringsmaskinen» Anne Halle la på både til 3-0 og 4-0, det siste etter eit flott gjennomspel av debutant Silje Beddari på sida. 12 minutt før slutt er det klart for 5-0 på kampens finaste scoring då Martine Slettestøl curla ballen meisterleg i vinkelen frå hjørnet av 16-meteren. Lovise Frøystadvåg fekk gleda av å legge på til 6-0, etter flott samarbeid med Trude Vattøy. Martine Slettestøl fekk æra av å avslutte målshowet med eit velplassert skot i kampens sist minutt. Flott laginnsats av Bergsøy som i lange perioder spelte fin angrepsfotball. Er det treningsleiren i Afrika som ber frukter? Elise Romestrand vart av juryen kåra til Bergsøy sin beste spelar, men alle skal ha ros for god laginnsats.

Bergsøy stilte fylgjande lag: Dagny Beate Vattøy, Emilie Gjerde Frøystad, Hanne Ingebrigtsen, Runa Frantsen, Martine Slettestøl, Lovise Frøystadvåg (kaptein), Trude Vattøy, Marthe Nerland Madsen, Malin Vollen, Anne Halle, Elise Romestrand. Også innbyttarane Kristina Ramstad, Silje Beddari og Helena Skorpen Jøsok kom inn og gjorde ein god jobb.
Info
Sesong
2012
Turnering
Serie
Bane
Bergsøy Kunstgrasbane
Lagoppstilling