Fotball damer – kampreferat
Bergsøy

Herd
3–4
⚽ Mål
⚽ —1-0 |
||
⚽ —2-2 |
||
⚽ —3-3 |
📝 Referat
Bergsøy sitt damelag gjekk på eit knepent og litt surt 3-4-tap i heimekampen mot topplaget Herd denne veka.
Som resultatet tilseier var det ein jamn, målrik og spanande kamp. Herd hadde ballen mest, men Bergsøy var dyktige og effektive i overgangane. Bergsøy opna best og fekk ein «flygande start». Elise Romestrand forsørte ned langs høgresida, og innlegget styrte Kristina Ramstad sikkert i mål frå 6-7 meters hald. Fin scoring etter eit klasseangrep. Herd kom etter kvart lengre framover på bana og tok leiinga 2-1 etter to raske scoringar midtvegs i omgangen. Men Bergsøy kom sterkt tilbake, og Trude Vattøy utlikna til 2-2 like før pause, etter nok eit flott angrep frå heimelaget si side. Dermed stod det 2-2 ved pause.
Herd starta andre omgang best, og gjekk tidleg opp i 3-2 leiing. Men Bergsøy nekta å gi seg, og Emilie Rødseth stod for ein fin prestasjon då ho utlikna til 3-3. Emilie oppdaga at Herd-keeperen stod plassert på halvdistanse, og den kontrollerte og følsame «kippen» gjekk rett i nota. Kampen låg no og vippa, men det var gjestane frå Ålesund som greidde å avgjere til sin fordel med ei scoring ti minutt før full tid. Laget sin kaptein kunne unngått å heade inn ein corner. Bergsøy sette inn ein sterk sluttspurt, og var svært nær utlikning i sluttminutta.
Mellom anna noterte vi eit langskot som small i tverrliggaren og ned, i tillegg til at dei raud-kvite spelte seg mange cornerer. Men kampen ebba ut med 4-3 siger til gjestane. Likevel fortener BIL-jentene ros for ein godt gjennomført kamp mot serieleiarane. Dei spelte periodevis fin fotball mot ein god motstander, og alle måla kom etter flotte angrep. Keeper Ingvil A. Vik vart kåra til Bergsøy sin beste spelar i denne kampen, men alle fortener ros for flott innsats.
Bergsøy stilte fylgjande lag: Ingvil A. Vik, Emilie P.M. Rødseth, Hanne Ingebrigtsen, Maria S. Kvalsvik, Emilie G. Frøystad, Elise Romestrand, Marthe Madsen, Trude Vattøy, Lovise Frøystadvåg, Martine Slettestøl, Kristina Ramstad, Helena S. Jøsok, Malin Vollen, Dagny Beate Vattøy og Runa Frantsen.

Info
Sesong
2012
Turnering
Serie
Lagoppstilling
-
Ingvild A Vik Keeper • starter
-
Dagny Beate Vattøy
starter
-
Elise Romestrand
starter
-
Emilie Frøystad starter
-
Emilie Pauline Marceliussen Rødseth starter
-
Hanne Ingebrigtsen starter
-
Helena Skorpen Jøsok starter
-
Kristina Ramstad starter
-
Lovise Frøystadvåg
starter
-
Malin Vollen starter
-
Maria Salvatierra Kvalsvik starter
-
Marthe Nerland Madsen starter
-
Martine Slettestøl
starter
-
Runa Kvalsvik Frantsen
starter
-
Trude Vattøy
starter